NRK kunne tidlegare i dag avsløre at Henrik Kristoffersen saksøker Norges Skiforbund fordi han ikkje får inngå same type avtale som Aksel Lund Svindal har med Red Bull.
Advokat Per Kristian Bryng meiner at søksmål var det einaste alternativet for Kristoffersen.
– Eg må ta atterhald om at eg ikkje har lese stemninga eller lest vedtaket frå skitinget, men me treng ein utøvar som bringer dette inn til ei avgjerd, seier Bryng til NRK.
– Trur han har ei god sak
Medan Kristoffersen på si side føler seg urettmessig behandla, seier Stein Opsal, generalsekretær i skiforundet, at det er uaktuelt for dei å gjere om på vedtaket frå skistyret.
– Det har vore ein svært grundig behandling i skistyret. Det var eit solid fleirtal i den avgjerda, so det er ikkje noko som tyder på at dei skal skifte meining, seier Stein Opsal til NRK.
Bakgrunnen for å nekte Kristoffersen å inngå ein avtale med Red Bull, er eit resultat av eit vedtak gjort på skitinget i 2015. Etter merksemda rundt avtalen til Petter Northug, endra skiforbundet i regelverket sitt.
No lyder ein av paragrafane slik:
«NSF eier samtlige markedsrettigheter til løpere som til enhver tid er uttatt på NSFs landslag og representasjonslag»
Det meiner Bryng er problematisk.
– EU-domstolen har meint heilt sidan 2006 at idrettens rett kan ikkje leve sjølvstendig frå konkurransereglane. Eg trur at han har ein god sak.
I pose og sekk
Skiforbundet er også redde for at slike avtalar vil ta vekk inntektsgrunnlaget i toppidretten. Men konkurranserettseksperten trur forbundet ikkje kan sette avgrensingar på utøvarane sine.
– Denne saka gjeld om ein kan få i pose og sekk. Kan ein vere med på landslaget, nyte godt av forbundet sine sponsorar, og samstundes sine eigne? Eg trur at svaret er ja, seier Bryng.
I alle tilfelle meiner Bryng at denne saka er utruleg viktig å bringe til ein norsk domstol, slik at ein kan få eit tydeleg svar.
– Me må få vite kva ein norsk domstol meiner om dette. EU-domstolen meiner ikkje det er fritt fram for forbund å legge slike avgrensingar, no må me få vite kva som er lov og ikkje i Norge.
Sjølv om Bryng synst det er tøft gjort av Kristoffersen å gå til søksmål, trur han ikkje at 22-åringen treng frykte sanksjonar frå forbundet.
– So lenge han ikkje har brote regelverket endå, so har han ikkje gjort noko gale. Viss han skal vere redd for sanksjonar på grunn av det, må skiforbundet endre praksis. Det blir Sovjet-takter.