Hopp til innhold

Eit år etter fødsel er ho alltid i toppform

No kjempar orienteringsløpar Anne Margrethe Hausken Nordberg om VM-gull på heimebane nøyaktig 12 månadar etter å ha sett sitt tredje barn til verda.

Hausken

FØDEHJELP: Orienteringsløparen Anne Margrethe Hausken Nordberg meiner ho blir i betre form av å føde barn.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

– Eg er ikkje bekymra for fysikken. Den trur eg er god nok til å kjempe heilt i toppen, seier den 43 år gamle trebarnsmora.

Orienteringsløparen frå Karmøy, som no spring for Nydalen Skiklub, har ei lang merittliste bak seg med gull både i VM og EM.

Etter dei to første fødslane gav det stor suksess 12 månadar etterpå. Både i Venla 2012 og i 2015, då ho vann O-ringen samanlagt.

Eit år etter sitt tredje barn ventar VM på heimebane i Østfold.

– Eg trur det handlar om at du opplever ein opptur heile det året etter fødsel. Du får ei stadfesting på at kroppen tole meir og meir.

Første svar fekk ho tysdag, då gjekk ho inn og vann kvalifiseringa på mellomdistansen under VM.

Bjørgen tok fire VM-gull

Lista over toppidrettsutøvarar som har gjort det bra etter ein fødsel er lang.

Liv Grete Skjelbreid vart firedobbelt verdsmeister drygt eit år etter å ha fødd sitt første barn.

Marit Bjørgen vart VM-dronning i Lathi med fire gull eit år og tre månader etter sin første fødsel.

Ski-VM 2017 Lahti. 4x5 km stafett damer. Marit Bjørgen viser frem gullmedaljen under medaljeseremonien etter seier på 4x5 km stafett for damer under ski-VM 2017 i Lahti, Finland, torsdag.

GULL: Marit Bjørgen er berre ein av mange toppidrettsutøvarar som har kome tilbake etter fødsel og sikra seg gull etter gull.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Har du bestemt deg for å satse etter ein fødsel, så må du vere ekstremt kynisk på kva du brukar tida di på, seier Hausken Nordberg.

Trente ei veke etter fødsel

Alt ei veke etter siste fødsel var ho i gang att med treninga. Det begynte med små løpeturar på 30 sekund om gangen.

Før jul var ho oppe i ti timar. No spring ho 14 timar om veka. Nattesøvnen er tilbake og amminga er gradvis kutta ned på.

– Og så veg eg jo 15 kilo mindre, så det er jo den største skilnaden, seier ho med eit smil.

Positiv effekt

Professor Kari Bø på Noregs idrettshøgskole lar seg ikkje overraske over at fleire toppidrettsutøvarar gjere stor suksess etter ein fødsel.

Auka blodvolum og betre oksygenopptak er normalt. Samt at amming kan medføre at man lettare går ned i vekt att.

– For dei fleste er dette noko man har planlagt og gler seg. Livet får ein anna typen meining og det handlar ikkje lenger berre om toppidrett. Dei tøffaste nervane og prestasjonsangsten blir dempa, og det har ein veldig gunstig effekt, seier Bø.

VM i orientering.

VANN: Hausken Nordberg vann kvalifiseringa på mellomdistansen i VM i Sarpsborg tysdag.

Foto: Geir Olsen / NTB scanpix

Ho har sjølv laga ein oversikt og samla inn litteratur om tema for IOC.

– Så då burde kanskje fleire toppidrettsutøvarar bli gravide for å betre resultatet?

– Eg veit ikkje om eg skal anbefale det for å bli betre, men eg kan roe utøvarane med at det ser ikkje ut til å ha ein negativ effekt, så lenge man held seg frisk, seier Bø og ler.

– Og så skal det jo passe med fleire ting. Du bør jo helst ha ein partnar, legg ho til med eit smil.

  • Mellomdistansen i VM i orientering går av stabelen fredag.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal