Hopp til innhold

Ein ting skilde Vladimir frå dei andre i verdstoppen: Han mangla ein arm

Han kunne ikkje kaste begge armane i spurten, fordi han hadde berre ein arm. Likevel var Vladimir Sjilikovski berre ei hårsbreidd frå gullet både i EM og VM.

Søndag 16. februar 1958: Startskotet smell, og Vladimir Sjilikovski legg i veg på 10.000-meteren dei fleste håpar og trur skal gje Sovjet-løparen gullmedaljen under skøyte-VM på Olympiastadion i Helsingfors.

Det er skodde over stadion – ei skodde som har kome sigande inn over den finske hovudstaden. Både løparar og lagleiing veit kva dette betyr: Trå is og dårlege forhold. Og skodda blir raskt tjukkare.

Sovjetunionens lagleiing ser teikninga. Dei går til juryen for å få utsett starten, i håp om at vêret skal bli litt lettare. Men juryen har sitt tidsskjema å ta omsyn til, og vil ikkje strekkje seg lenger enn til å skru på flaumlyset. Det hjelper lite.

Sjilikovski er i godt humør likevel. Langt der framme i skodda blinkar VM-gullet og toppen av sigerspallen. Høgdepunktet i ein karriere han mot alle odds har fått. Og på tribunane høyrer han at han har 12.000 engasjerte tilskodarar i ryggen. Mannen utan høgrearm har blitt den aller største publikumsfavoritten.

Mista armen som baby

Kanskje er det det han tenkjer på der han går dei første rundane i roleg tempo med armen sin på ryggen: Kontrasten mellom denne gullkampen og minnet om at han ikkje strakk til i leiken med dei andre då han var smågut heime i byen han deler førenamn med. Vladimir er ein mellomstor by rundt 20 mil aust for Moskva.

Han var for liten til å minnast at han måtte amputere den høgre armen. Det var etter ein sjukdom då han berre var fem-seks månader gammal.

– Eg hugsar ikkje korleis det er å ha to armar, sa han i eit intervju med VG.

Men han hugsar godt at han ikkje greidde å halde følgje med dei andre smågutane på ski eller i friidrett. Med ein arm var han ikkje god nok.

Vladimir Sjilikovski

EINARMA SØLVMEDALJØR: Vladimir Sjilikovski blei den store publikumsfavoritten som tapte både EM og VM med ei hårsbreidd.

Foto: Ukjend / Nederlandske nasjonalarkiv

Men på isen kjende han at han fekk det til. Ute på milløpet i den finske hovudstaden minnest han kanskje korleis nederlaga i skiløypene trigga han til å bli betre og betre på isen – korleis han bygde opp og mobiliserte ein enorm viljestyrke til å forbetre krefter og teknikk, og korleis han makta å konkurrere med løparar som hadde to armar.

Han minnest kanskje også sitt første skøyteløp då han var 13 år. Den seinare landslagsløparen Dimitri Sakunenko, som var fem år eldre, blei kretsmeister. Han tok seg av den spinkle guten med ein arm, og tok til å trene han systematisk.

Det var den kolossale viljestyrken dei la mest merke til i Moskva også, då han flytta dit for å studere, og kom inn i skøytemiljøet der.

Viljestyrken viste han også ved å hevde seg godt i sykling. Ungguten utan høgrearm greidde dessutan faktisk å bli ein habil symjar.

Nekta å bli særbehandla – kasta ut idrettsråd

Men der han maskinmessig og stødig går runde etter runde mot eit – enno – sannsynleg VM-gull i Helsingfors, minnest han også at han først møtte motstand.

Ingen hadde trua på løparen med berre ein arm. Fleire gonger blei han spurd om han ikkje heller burde konkurrere i para-idrett.

Ein gong kom ein representant frå idrettsrådet i bydelen på besøk på treninga. Hans ærend var å tilby Sjilikovski eit opplegg innan para-idretten.

Då blei Sjilikovski sint. Han ville konkurrere med dei beste, ikkje ha særbehandling, som han kalla det. Byrådsrepresentanten blei nærmast kasta ut igjen.

– Greier godt å snøre mine eigne skøyter

– Dei trudde ikkje på han. Og då han tok til å få gode resultat, blei han ofte karakterisert som «julestjerne» – ein utøvar som ikkje ville makte å gjennomføre ein heil sesong, fortalde trenar Ilja Anikanov lenge etterpå.

For det var då Sjilikovski kom i kontakt med den erfarne trenaren at det verkeleg losna. Ilja Anikanov såg potensialet i den unge mannen, og blei overtydd om at hans viljestyrke var sterk nok til å vinne over handikappet.

Sjilikovskis største ønskje var å vinne over seg sjølv, å få folk til å forstå at med sterk nok vilje kan eit menneske få til nesten kva som helst. Han blei sett på som litt sær og sta. Han nekta å gi opp, sjølv om motgangen og nederlaga kunne vere sterke.

– Han var ekstraordinær, sa Anikanov.

– Sjølvsagt merkar eg frå tid til anna at eg manglar ein arm, men det er ikkje synd i meg for det, sa han i eit intervju med Dagbladet etter VM.

– Eg greier godt å snøre mine eigne skøyter.

«Sandpapir»

I Helsingfors tek det til å bli tungt for Sjilikovski. Skodda har lagt noko som nærmast er som sandpapir på isen. Det er tungt å puste. Likevel held han farten godt oppe med sin spesielle «ein-arms-teknikk» og sine enorme krefter.

– Oleg skal få slite han også, tenkjer nok Sjilikovski der han tel rundane og ser fram til målgang.

For i EM berre to veker tidlegare hadde Sjilikovski overraskande teke sølvmedalje samanlagt, bak Oleg Gontsjarenko, landsmannen med tre meisterskap på CV-en allereie.

– Sjilikovski var sterkare enn dei andre både i kroppen og i hovudet. «Dette er din sesong», sa eg til han, minnast trenar Anikanov.

Sjilikovski var ny for dei aller fleste på tribunane i svenske Eskilstuna i EM, og den einarma løparen blei ein sensasjon og ein publikumsfavoritt frå første skøytetak. Hans manglande arm var eit handikap på 500-meteren, og der hamna han oftast langt bak. Det gjorde han også i EM.

Men på dei lengre distansane var han minst på høgde med alle andre. Han slo Gontsjarenko med 14 sekund på 5000 meter og 13 på 10.000. Det var akkurat litt for lite, og Gontsjarenko blei europameister med fattige 0,1 tidspoengs margin samanlagt.

Hadde Sjilikovski gått berre ein tidel raskare på 500, hadde dei to delt meisterskapsgullet.

Kuppern: – Det gjorde reint vondt

Knut Kuppern Johannessen

NESTEN DÅRLEG SAMVIT: – Det gjorde reint vondt, sa Knut «Kuppern» Johannessen om at han kunne sleppe armen for å gå frå Sjilikovski. Konkurrenten kunne ikkje svare på same måte.

Foto: NTB scanpix

I EM møtte han Knut Johannessen i par på 10.000 meter. Nordmannen vann det jamne løpet med 2,2 sekund, men var full av lovord om sin einarma parkamerat.

Kuppern er mannen bak uttrykket «to indre og vekk me`n», og brukte den metoden effektivt mot Sjilikovski.

Med to rundar att låg Knut Johannessen litt bak russaren, og visste at han skulle ha siste ytre. Derfor la han i litt ekstra krut på dei to siste innersvingane, og vann.

Det fekk han nesten dårleg samvit for.

«Då eg sleppte (høgre) armen i svingen for å køyre frå han, syntest eg det var reint vondt å sjå at han ikkje kunne svare på same måte», skreiv han i «Kuppern’s spalte» i VG. Kuppern uttrykte stor beundring for Sjilikovskis innsatsvilje og teknikk.

Sjilikovski sjølv var usikker på om han verkeleg var så god som resultatet i EM tilsa.

Etter at løpa var ferdig, gjekk Sjilikovski bort til dei norske leiarane og spurde om Kuppern verkeleg hadde gått for fullt. – Eg tenkte at han kanskje ikkje gjorde det, fordi han låg såpass langt etter i samandraget, forklarte han.

– Knut gjekk for fullt han, var det norske svaret.

Då lyste Sjilikovski opp. Han hadde fått vite kvar han stod, og at hans prestasjon faktisk var i verdsklasse.

Oleg Gontsjarenko

ERKERIVAL: Oleg Gontsjarenko var Sovjets store løpar som hadde marginane på si side i begge meisterskapa mot Sjilikovski.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Publikums nye favoritt

Både publikum og presse hadde fått ein ny yndling.

– Her har vi verdsmeisteren, skreiv ei svensk sportsavis i oppsummeringa av EM.

Om Sjilikovski tenkjer på dette der han piner seg gjennom dei siste rundane i Helsingfors, er kanskje tvilsamt.

Skulle han vere i stand til å tenkje på noko, der han tek i så det svartnar, er det nok biletet av VM-gullet og laurbærkransen. For dette skal vere Sjilikovskis meisterskap.

Han er nemleg allereie verdsmeister. Dagen før har han gått heilt til topps på 5000 meter. Hans overmann med fire små tidelar frå EM, Knut Johannessen, har hatt ein skikkeleg «off-day» og hamna langt nede på lista.

Dette var lenge før det eksisterte distanse-VM. Distansevinnarane i allroundmeisterskap var derfor også offisielle verdsmeistrar, og Sjilikovski kunne motta VM-gullet på distansen.

Sensasjonell 500-meter

Men det som kanskje har gjort Sjilikovski aller mest glad i løpa laurdag, er 500-meteren. Langdistansespesialisten har faktisk sensasjonelt blitt nummer tre på sprinten, og har slått Gontsjarenko med eit halvt sekund. Med sigeren på 5000 er Sjilikovski klart i teten før siste dag av meisterskapet.

Søndagen opnar ikkje heilt etter skjema for Sjilikovski. Gontsjarenko slår knallhardt tilbake med ein gneistrande 1500 meter i dei nokså vanskelege forholda, Sjilikovski slit litt meir, og mister leiinga samanlagt.

Dessutan har venstrehendte Sjilikovski igjen vore uheldig med trekninga og startar først av dei to på 10.000-meteren. Gontsjarenko får på nytt konkurrentens tid å gå på.

Men likevel. Å ta inn 2,2 sekund skal vere grei match for Sjilikovski.

Dette veit han der han tar ut sine absolutt siste krefter på sandpapir-isen i Helsingfors. Han høyrer publikum rundt heile bana hoie, brøle og juble han fram heile tida.

Dei har ikkje noko høgare ønskje enn å hjelpe han til eit historisk bilete:

Ein sigerspall der vinnaren av eit skøyte-VM kan løfte pokalen med den einaste armen han har.

Dei veit at han har gitt absolutt alt, dei «veit» at konkurrenten med sine to armar truleg ikkje har kapasitet til å kopiere dette.

Blå himmel

Sjilikovski tenkjer sikkert ikkje så mykje på noko av dette der han i ørska slit seg oppover den siste oppløpssida mot målstreken. 17.17,1 og klar leiing, viser klokkene. Ei god tid under dei rådande verforholda.

Den einarma russaren sig over ende etter målgang, heilt utmatta. Derfor legg han ikkje merke til det berre dei aller mest observante tilskodarane har registrert dei siste minutta:

Er ikkje skodda og skydekket litt tynnare enn for berre ei lita stund sidan?

Sjilikovski er så utsliten at han blir liggande ei stund like ved målstreken før han kjem seg på beina. Det gir litt uro i målområdet – som på 10.000 meter også er startområdet. Det tek derfor nokre minutt ekstra før neste par får stilt til start.

Det er minutt som skal vise seg viktige. I løpet av dei minutta kan publikum sjå heile bana klårt og tydeleg. Når neste startskot smell, er det til og med litt blå himmel i sikte.

Hjelp frå Brandbu

Oleg Gontsjarenko startar i det paret. Det er opplagt at han får betre forhold. Sjilikovski er komen i garderoben, og forstår at det VM-gullet som inntil for få minutt sidan såg trygt ut, no er i faresona.

Oleg Gontsjarenko og Torstein seiersten

BRANDBU-HJELP: Oleg Gontsjarenko (t.v.) fekk ikkje hjelp berre av vêret i duellen mot Sjilikovski, men fekk draghjelp også av norske Torstein Seiersten.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Gontsjarenko får dessutan ikkje berre hjelp av vêret. Parkameraten er Torstein Seiersten. Brandbu-løparen er ein milslukar av rang. Han kjem til å halde stor fart, og kan dra med seg Gontsjarenko.

Oleg Gontsjarenko har god erfaring frå sine mange tidlegare meisterskap. Rutinert legg han seg høveleg langt bak Seiersten for å få maksimal draghjelp.

«Gontsjarenko la seg fort 15–20 meter bak sin makker Seiersten, og passet alltid på å dra nytte av «dragsuget» av Seiersten på kryssningssiden», heiter det i Sportsboken 1958.

Utover i løpet blir forholda betre og betre. Skodda er heilt borte, og mot slutten av løpet er det sol. Det er lettare å puste, og sandpapiret blir borte frå isen.

Det er uvisst kva Sjilikovski tenkjer der han sit i garderoben og får rapportar om to løparar som går fort. Kanskje grublar han litt over rettferda i idretten.

For Sjilikovskis rettferdskjensle er sterk. Det hadde han vist i sin debut i Moskva-meisterskapet tre år tidlegare, på den myteomspunne Medeo-bana i Alma Ata (i dag Almaty i Kasakhstan).

– Fortente ikkje bronsen

Der gjekk han i første par på 5000 meter, og fekk ei tid som heldt til bronse.

Men då medaljane skulle delast ut, stod bronsetrinnet på pallen tom. Sjilikovski sat i garderoben og nekta å gå ut og ta imot medaljen.

Årsaka var at han hadde gått i første par, i kuldegradene tidleg på dagen. Men etterpå kom mildvêret og skapte dårlegare forhold.

– Urettferdig. Denne medaljen fortener eg ikkje, meinte Sjilikovski.

Men i den finske garderoben sit ikkje Sjilikovski med forhåpningar om at Gontsjarenko vil gjere det same. Han forsonar seg med at VM-håpet er i ferd med å forsvinne.

Nokre rundar før slutt ser publikum det dei helst ikkje vil sjå. Gontsjarenko har full kontroll, og passeringar som er betre enn Sjilikovskis. Han slår Sjilikovski med 1,8 sekund og tek VM-gullet.

Han vedgår etterpå at han var heldig, og at han fekk avgjerande hjelp.

– Vladimir hadde inga hjelp i sitt par, sa han til Dagbladet. – Og både is og luft blei betre etter kvart.

– Den moralske meister

Den einarma favoritten har igjen blitt slått med knapp margin. Han taper gullet, men vinn sympatien. Det er han som får jubelen under premieutdelinga.

– Sjilikovski er den moralske meisteren, slo ei finsk avis stort opp.

Dei to meisterskapa i løpet av to små veker skulle bli Sjilikovskis korte tid i rampelyset. Det norske publikummet fekk hylle han i ein landskamp på Bislett ti dagar etter VM. Så blei han borte. 1959-sesongen fekk han øydelagd av sjukdom, og han kom aldri tilbake til toppen.

20 sekund betre enn Hjallis-rekorden

Medeo-bana i Alma Ata (Almaty)

MYTEOMSPUNNEN BANE: Medeo-bana i Alma Ata (Almaty i dagens Kasakhstan) var bana der sovjetarane leverte kjemperesultat i mengder, men der andre lands løparar så godt som aldri fekk stille opp.

Foto: Shamil Zhumatov / Reuters

Likevel makta han å skape overskrifter ein gong til, i OL-sesongen 1960:

Søndag 31. januar snappa avisredaksjonar opp ei melding frå Radio Moskva: Vladimir Sjilikovski hadde gått 10.000 meter på 16.13,1 på Medeo.

16.13,1, altså! Nesten 20 sekund under Hjalmar Andersens verdsrekord på 16.32,6. Skøyteverda var godt vant med meldingar om sterke resultat frå Alma Ata, men dette?

Rekorden blei aldri godkjend. Stemnet stod ikkje på den offisielle terminlista.

Men 10.000-meteren i OL i Squaw Valley var mindre enn ein månad unna. Alle hugsa Sjilikovskis tapre kamp i Helsingfors to år tidlegare. Var han i favorittsjiktet igjen?

Gløymd av det offisielle Sovjet

Men Squaw Valley blei ein nedtur. Då han starta, i eit seint par, var det Knut Johannessens ufattelege 15.46,6 alle snakka om. Sjilikovski prøvde seg, han heldt Kupperns tider dei fire-fem første rundane. Så gjekk det heilt gale. Han kom inn på 17.13,9, slått med nesten eitt og eit halvt minutt. Det heldt berre til 20.-plass.

Då var det slutt. Vladimir Sjilikovski konkurrerte aldri meir på internasjonalt toppnivå, sjølv om han var i Noreg på ein ny landskamp året etter.

Han konsentrerte seg om sine oppgåver som ingeniør i hydromekanikk. Spesialiteten var gruvedrift på havbotnen. 25 vitskaplege verk ber hans namn. Suksessen der var langt meir langvarig enn den på skøytebana.

Vladimir Sjilikovski døydde 7. april 1987, fire dagar etter sin 54-årsdag. Då var han gløymd av det offisielle Sovjet, og skøyteforbundet nemnde det ikkje. Ingen nekrolog stod å lese i media.

– Men trass i dette, høyrde folket om Vladimirs død. I gravferda kom ikkje berre vener og kjende, det møtte fram mange som hugsa hans bragder, skriv trenar Ilja Anikanov.

I skøytehistoria blir han ståande som den einarma løparen som tok VM-sølv – for mange den moralske meisteren.

I eigen klasse

Vladimir Sjilikovski
var fødd med ein arm
og fekk sylvmedalje i VM
på skeiser i 1958

Roald Aas
vart nummer tre
med to

Kvitanesen, Facebook / Facebook

Kjelder: VG, Wikipedia, Aftenposten, Dagbladet, Ilja Anikanov, sport-strana.ru, Sportsboken 1958

Siste nytt

  • Skarverennet stoppet av uvær – politiet måtte hente ut tre løpere

    Det tradisjonsrike Skarverennet i langrenn måtte stanses på kort varsel lørdag som følge av dårlig vær, melder Hallingdølen.

    Sterk vind skapte problemer for arrangørene av rennet lørdag. Den tok seg opp, og etter hvert måtte arrangørene si stopp.

    – Det er for dårlig sikt. Det blir dessverre ikke mer skirenn. Løperne ser ikke fra stikke til stikke, var beskjeden fra Finse ifølge Hallingdølen.

    Målgang er på Ustaoset.

    Løpere som ikke hadde kommet seg ut i løypa, ble vist tilbake til togvognene for retur til Ustaoset.

    Politiet skriver lørdag formiddag at de måtte bistå i forbindelse med uværet.

    – Politiet har bistått med å hente ut tre langrennsløpere utenfor løypa. De tre kom utenfor skisporene ved tett tåke. Dette i forbindelse med Skarverennet. De er ivaretatt av helse og er ved god behold, skriver politiet.

    På startstreken sto blant annet Therese Johaug, som for for en måned siden slo knockout på langrennseliten under 30-kilometeren i NM.

    Johaug har vunnet Skarverennet en rekke ganger, men denne gangen får hverken hun eller andre gå rennet.

    «Som for 50 år siden, blir rennet stoppa og konkurransen avlyst», skriver lokalavisen.

    (NTB / NRK)

  • Medier: 23 kinesiske svømmere fikk delta i OL tross positive dopingprøver

    23 kinesiske svømmere skal ha fått grønt lys til å konkurrere under OL i Tokyo til tross for at de testet positivt for doping. Konklusjonen var at testene var forurensede.

    Det er skriver blant annet Daily Telegraph, New York Times og ARD.

    De aktuelle svømmerne testet positivt for det forbudte stoffet trimetazidin.

    Prøvene med hjertemedisinen ble avgitt under en treningsleir som ble gjennomført noen måneder før starten av Tokyo-lekene i 2021. Mesterskapet ble som kjent utsatt ett år som følge av covidpandemien.

    Kinesiske antidopingmyndigheter konkluderte innledningsvis med at dopingtestene inneholdt avvikende analytiske funn (AAF), men frikjente senere svømmerne for straff etter at undersøkelser viste at testene var utsatt for såkalt kontaminering.

    De kinesiske svømmerne med 30 medlemmer vant seks medaljer i Tokyo, inkludert tre gull.

    Daily Telegraph skriver at Verdens antidopingbyrå (Wada) og Det internasjonale svømmeforbundet ble varslet om de positive prøvene, men at også de stilte seg bak konklusjonen om at de positive testresultatene var forårsaket av forurensing.

    (NTB)

    Winter Olympics Salt Lake City
    Foto: Rick Bowmer / AP
  • Fiasko for Hamilton – røk rett ut i Kina-kvalifisering

    Den britiske superstjernen Lewis Hamilton får et blytungt utgangspunkt i søndagens Formel 1-løp i Shanghai etter å ha endt tredje sist i lørdagens kvalifisering.

    Mercedes-føreren fikk kjempeproblemer allerede i den første av tre kvalifiseringsrunder og klarte ikke ta seg videre til omgang to. Til slutt hadde han bare to førere bak seg.

    Hamilton forsøkte å sette en rask rundetid på tampen av åpningsomgangen, men gjorde en stor feil og tapte mye tid. Dermed måtte han slukøret sette kursen for paddocken.

    – Er dette årets dårligste kvalifisering for Hamilton? Det må jo være det? Sa Viaplay-ekspert Henning Isdal.

    – Vi ser at Toto Wolff er sur, supplerte kommentator Atle Gulbrandsen med henvisning til Mercedes-teamsjefen.

    Hamilton selv beklaget egen kjøring over teamradioen.

    (NTB)

Sendeplan

Kl. Program Kanal