NRK Meny
Normal

Odd Christian Eiking vil vinne for FDJ

Først skal han kjempe i teten av Arctic Race. Så skal Odd Christian Eiking begynne å perfeksjonere fransken sin.

Odd Christian Eiking

LIKE BAK MEISTEREN: Odd Christian Eiking må tole eit knipe tap for langt meir meritterte Edvald Boasson Hagen under NM tidlegare i sommar

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

20-åringen frå Bergen skreiv tidlegare i sommar proffkontrakt med franske Francaise des Jeux. Mange meiner han kan bli den neste store norske syklisten.

– Dette har vore eitt av dei store måla heile vegen. FDJ er eitt av dei største laga i sykkelsporten, så det ser eg veldig fram til, seier Odd Christian Eiking.

Joker-ryttaren deltar i Arctic Race denne helga. Men frå januar er det Frankrike og FDJ som tel. Han har skrive kontrakt ut 2017 – året når VM går i hans heimby Bergen.

– Har du begynt å lære deg fransk?

– Ja, det går brukbart, seier Norges neste proff til NRK når han står og ventar på starten av Arcic Races tredje etappe på Finnsnes.

Likar dagens etappe

– Eg kunne ikkje fått det betre, seier han om dagens etappe – 183 kilometer med ei knallhard avslutning. For Eiking er ein klatrar. – Eg håpar å kjempe i toppen, seier han offensivt.

Proffkontrakten han signerte i sommar, er ein draum som held på å gå i oppfylling. Men han er ikkje nøgd med berre å vere proff.

– Det er eitt steg på vegen. Men eg har lyst å bli med å kjempe om siger for FDJ i ritt, seier han.

Til Sør-Frankrike

– Tok du første og beste laget, eller kunne du velje?

– Det var eit par andre som også viste interesse. Men FDJ var det som viste størst interesse. Eg har hatt kontakt med dei eit års tid, så det var eigentleg nokså klart.

På nyåret skal han flytte til Frankrike. Då skal han også perfeksjonere fransken sin. – For det er vel mykje fransk dei snakkar der, ler han.

FDJ har base i Paris, men det er slett ikkje sikkert at det er i den franske hovudstaden han finn si adresse.

– Nei, det blir vel til Sør-Frankrike ein stad, seier Eiking.

Siste nytt

  • Ny motstander for Anthony Joshua

    Neste lørdag skulle Anthony Joshua forsvare sin tungvektstittel i boksing mot bulgarske Kubrat Pulev.

    Nå har derimot Pulev trukket seg fra kampen som følge av en skade i skulderen.

    Pulevs erstatter er Carlos Takam. Franskmannen er rangert som nummer tre i verden på IBFs tungvektsliste, bak nettopp Pulev og Joshua.

    BOXING-HEAVYWEIGHT/JOSHUA-PULEV
    Foto: ANDREW COULDRIDGE / Reuters
  • Tiger Woods friskmeldt

    Etter å ha vært ute med en ryggskade siden februar tidligere i år er nå Tiger Woods endelig friskmeldt av legene.

    Når 41-åringen vil være tilbake på golfbanen er likevel uvisst, skriver ESPN.

    Tiger Woods Golf
    Foto: Kamran Jebreili / AP
  • Uavgjort i Leicester

    Leicester utlikna ti minutt før slutt og spela 1-1 mot West Bromwich i Premier League i kveld. Nacer Chadli gav WBA leiinga midt i andre omgang, og det var Riyad Mahrez som utlikna for heimelaget.

    Leicester er dermed framleis på tredje siste plass i ligaen.

    Riyad Mahrez
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal