NRK Meny
Normal

– Veit at eg kan gå til US Open

Optimismen er stor hos Ulrikke Eikeri etter turneringssigeren i Texas søndag. I morgon spelar ho ny turnering i Pennsylvania, og vil deretter til US Open.

Ulrikke Eikeri

GRAND SLAM I HORISONTEN: Etter turneringssigeren i Forth Worth i helga, vil Ulrikke Eikeri heilt til US Open. Men først står Pennsylvania for tur denne veka

Foto: Jim McIsaac / Afp

– Om eg får til å spele slik eg kan, veit eg at eg kan kvalifisere meg til US Open, seier ho til NRK.

– I Texas gjekk det betre og betre for kvar kamp. Det losna meir og meir, og eg er på god veg til formen eg hadde før US Open i fjor, seier ho etter sigeren i helga.

Klar for US Open-kvalik

Ulrikke Eikeri er allereie kvalifisert for kvalifiseringsturneringa i dagane før US Open tek til. Der står det 16 plassar i hovudturneringa på spel. Der møter ho mange av spelarane ho møtte i Forth Worth denne helga.

– Det er eit jamnt nivå. Eg må levere opp mot mitt beste i kvar kamp. Får eg til det, veit eg at eg kan kvalifisere meg til hovudturneringa.

– Men det er jamnt, det er små marginar og mange er veldig gode. Eg må gjere mitt aller beste, så får vi sjå kor langt det rekk, seier Eikeri på telefonen frå Pennsylvania i USA.

I Pennsylvania denne veka

Det er der ho skal spele si neste turnering. Det er ei 25.000 dollar-turnering i Landisville i Pennsylvania, og første kampen hennar går onsdag.

– Deretter skal eg kanskje til Vancouver, eller så skal eg ha konkurransefri og berre trene. Det har vi ikkje bestemt oss for enno, seier 22-åringen, som før sigeren i Texas var nummer 844 på verdsrankingen. Før skaden i fjor var ho nummer 209.

Turneringa i Texas var ei 10.000-dollarturnering. – Det var i alt åtte kampar, og kroppen heldt bra. Eg spela betre og betre utover i turneringa, seier ho.

Ho var ute i åtte-ni månader etter muskelskaden som ho fekk i kvalifiseringa til US Open i fjor.

– Eg oppdaga at det tok lang tid å kome tilbake etter den skaden, men no meiner eg er lik god som før, seier ho.

US Open er den fjerde og siste grand slam-turneringa i år og opnar 31. august. Kvalifiseringsturneringa går i veka før.

Siste nytt

  • Warriors kriget seg videre

    Golden State Warriors er videre til neste runde i NBA-sluttspillet etter 99-91-seier over San Antonio Spurs natt til onsdag. Warriors vant 4–1 i kamper, og møter nå New Orleans Pelicans.

    Philadelphia 76ers tok seg også videre i natt.

    Klay Thompson (11) celebrates after making a basket in front of forward Kevin Durant (35) and forwar
    Foto: Kyle Terada / Reuters
  • Norsk trener til sveitsisk toppklubb

    Dan Tangnes (39) ble onsdag presentert som ny hovedtrener for den sveitsiske hockeyklubben EV Zug. De ble nummer to i grunnspillet forrige sesong, men røk ut i første runde av sluttspillet.

    – Jeg håper vi kan skape gode minner sammen, sier Tangnes.

    Dan Tangnes
    Foto: EV ZUG
  • Glassverket trekker elitelaget

    Håndballklubben Glassverket har spilt i eliteserien denne sesongen, men rykket ned og skulle i utgangspunktet spille i 1. divisjon neste sesong. Slik blir det likevel ikke, da forslaget om å trekke laget fikk flertall på tirsdagens årsmøte, skriver Drammens Tidende. Klubben ønsker å beholde lagene i andre- og fjerdedivsjon.

    Line Bjørnsen hos Glassverket
    Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
4-4-2 Eliteserien: Ranheim - Brann og Stabæk - Start
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid