Siste nytt

  • Norges OL-mål: 8 medaljer

    På en pressekonferanse onsdag, 100 dager før OL i Tokyo, fortalte Olympiatoppen at Norge har som mål å ta åtte medeljer i lekene. Dette er dobbelt så mange medaljer som i Rio-OL i 2016, der den norske troppen tok fire bronsemedaljer.

    I Paralympics har Norge mål om å ta flere medaljer enn i Rio, det vil si mer enn åtte medaljer.

    Stig André Berge med sin bronsemedalje fra OL i Rio 2016.
    Foto: JACK GUEZ / Afp
  • Treningsnekt for fire Viken-klubbar

    Fire fotballklubbar i 2. divisjon i Viken fylke får ikkje trene normalt på grunn av regjeringa sin definisjon av toppidrett, skriv VG.

    Det gjeld Moss, Bærum, Asker og Eidsvold Turn. Dei fekk tysdag melding frå NFF om at dei kunne trene som normalt igjen, men fekk seinare kontrabeskjed.

    Grunnen er at 2. divisjon denne gongen ikkje er definert som toppidrett, slik dei var i fjor. Og då kan ikkje klubbar i Viken ha fellestreningar enno. Viken har korona-restriksjonar i kategori 5A.

    NFF har bedt regjeringa om ei avklaring.

    Eidsvold Turn
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Neymar: - Kjenner meg heime i PSG

    Neymar antydar at han vil forlenge kontrakten med Paris Saint-Germain. Det har lenge gått rykte om at han vil vekk frå klubben.

    Men etter at PSG slo ut Bayern München i kvartfinalen i meisterligaen, er han klar til å halde fram der han er.

    – Det er ikkje noko problem lenger. Eg kjenner meg gladare enn eg var før, og kjenner meg heime hos PSG, seier han til ESPN Brasil.

    Neymar
    Foto: Franck Fife / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal