På oppløpet låg det an til Edvald-siger, men han vart sperra to gonger og var nokre centimeter for seint ute. Matthews var klart framfor nordmannen, og også Peter Sagan var før Edvald over målstreken.
Men uansett tok Edvald Boasson Hagen sin første etappe-pallplass i Tour de France på tre år.
– Rotete oppløp
– Det var litt surt. Eg hadde sjansen, og var ikkje langt unna. Men det var bra å vere med å setje preg på løpet, sa Edvald Boasson Hagen til NRK.
– Spurten var bra, den. Men dei andre var betre, sa han.
– Det var eit rotete oppløp. Men Edvald viser at han er i form, seier NRKs ekspertkommentator Dag Erik Pedersen.
– Det var timinga, ikkje mangel på krefter som gjorde at han ikkje vann, sa Pedersen.
Første etappesiger
For Matthews var det den aller første etappesigeren i Tour de France. Den australske Orica-ryttaren hadde to lagkameratar med seg i brotet, og dei ofra seg for Matthews.
– Dei gjorde ein god jobb for meg. Det var ikkje meininga å gå i brot, men når vi gjorde det, makta vi å gjere det som eit lag. Dei ofra seg for meg, sa Matthews etterpå.
– Eg har ikkje ord for dette, sa han.
Cavendish meistra grøntrøya
Med sin andreplass overtok også Sagan leiinga i kampen om den grøne poengtrøya. Sagan tok i tillegg poenga i den innlagde spurten, og er no 38 poeng framfor Mark Cavendish.
Cavendish kom i mål i hovudfeltet, 9.39 bak vinnaren. Der sat også Chris Froome, som framleis har den gule leiartøya.
Seks mann var i gruppa som spurta om etappesigeren. Nokre meter før mål såg det ut som om nordmannen både var i beste posisjon og hadde fart nok. Men det heldt ikkje heilt inn.
15 mann i tidleg brot
Edvald Boasson Hagen var likevel med på å setje farge på heile etappen.
Ei gruppe på 15 ryttarar braut tidleg ut. Der var Edvald med, saman med lagkamerat Stephen Cummings.
Dei hadde på det meste sju minutts leiing på eit hovudfelt som aldri var interessert i å ta opp jakta på alvor.
Med to mil igjen drog sju av ryttarane i tetgruppa frå og fekk raskt ei leiing på eit minutt. Edvald var med i den gruppa, saman med mellom andre Peter Sagan.
Tourens tiande etappe opna med ei knallhard stigning opp mot Port d'Envalira på 2408 meter. Deretter gjekk det bratt utfor, og til ei relativt flat avslutning på den 197 km etappen.
Sondre Holst Enger kom i mål som nummer 135, Alexander Kristoff 164 og Vegard Breen 165.