NRK Meny
Normal

Heroisk sluttspurt akkurat ikkje nok for Boasson Hagen

Edvald Boasson Hagen kjempa seg inn til tredjeplass på dagens etappe i Tour de France. Det var bra nøgd med.

Tour-innspurt

NESTEN IGJEN: Edvald Boasson Hagen kjempa seg opp i teten, men måtte sjå seg klart slått av Michael Matthews og Greg Van Avermaet

Foto: LIONEL BONAVENTURE / AFP

Michael Matthews var suveren i spurten, og Greg Van Avermaet tok andreplassen.

Hagen kjempa godt i motbakken opp mot mål. Han var på veg opp mot teten, men kunne ikkje matche avslutninga då Matthews og van Avermaet akselererte på dei siste metrane.

– Eg sat bra inn i bakken, og prøvde å ikkje opne for hardt. Eg sat eigentleg veldig bra. Så måtte eg gå rundt ein mann, og då blei luka for stor. Eg følte at eg kunne vore endå nærmare i dag, men er bra nøgd likevel, seier Hagen til NRK. Han gir lagkameratane skryt for hjelpa.

– Gjorde alt som planlagt

Han seier også at han er i god form. – Eg håpar å vere med på å kjempe om fleire etappesigrar.

– Forma er det ingenting i vegen med. Vi gjorde vel alt som planlagt, bortsett frå å ta sigeren.

– Kva tenkjer du om den veka som er att av touren?

– Det tek til å bli færre etappar å gjere det på før Paris. Men ein må prøve på dei som er, og legge ein bra plan for det, seier Hagen.

Michael Matthews

VANN: Michael Matthews tok sin første etappesiger for året

Foto: BENOIT TESSIER / Reuters

– Taktikken var å halde Matthews' hjul i heile dag, og det gjekk jo fint på sett og vis. Men det er stor skilnad på første og tredjeplass, sa Edvald Boasson Hagen.

– Gå! Det er luker overalt

Chris Froome tok også tilbake leiartrøya som Fabio Aru har hatt dei to siste dagane. Froome blei nummer sju, berre eitt sekund bak vinnaren, og slo Aru med 24 sekund. Han leier med 19 i samandraget.

– Det var uventa, og er nokså emosjonelt for meg, sa Froome. – Det kan eg takk laget for.

På den siste kilometeren fekk han beskjedar på øyret: – Det er luker overalt. Gå, gå! fortalde han pressa etterpå.

I brot ved ein feil

Thomas De Gendt gjekk tidleg i brot, og det ved ein feil, ifølgje lagleiinga.

– Vi hadde rekna med at det ville gå lenger tid før brotet. Men det gjorde det ikkje, derfor valde han å følgje, sa Lotto Soudals sportsdirektør Chris Anker Sørensen til dansk TV2.

Han sat i brot – mykje av tida åleine – i nesten ti mil, og leia med eitt og eit halvt minutt. Men 12 km før mål blei han køyrt inn. Han fekk likevel prisen som dagens mest aggressive ryttar.

Alexander Kristoff blei nr. 41, 33 sekund bak, og Vegard Stake Laengen nr. 139, slått med 13.17.

– Vi prøvde med nokre ryttarar på slutten, men det gjekk ikkje, sa Kristoff. – Eg visste at bakken eigentleg var for hard for meg, men vi prøvde iallfall.

Siste nytt

  • Tolisso-heading fikset Bayern-seier

    Corentin Tolisso ble matchvinner etter 77 minutter da Bayern München vant 2–1 borte mot Anderlecht i mesterligaen onsdag kveld.

    Robert Lewandowski ga tyskerne ledelsen før Sofiane Hanni utlignet etter 63 minutter.

    Corentin Tolisso
    Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP
  • PSG scoret syv mot Celtic

    Moussa Dembélé sendte Celtic i føringen etter 55 sekunder, men derfra og inn var det PSG for alle pengene.

    Kampen endte til slutt 7–1 etter mål av Neymar (2), Edinson Cavani (2), Kylian Mbappé, Marco Veratti og Dani Alves.

     Edinson Cavani (C) celebrates after scoring with teammates Paris Saint-Germain's Brazilian striker
    Foto: Franck Fife / AFP
  • Atletico holder liv i drømmen

    Atlético Madrid vant 2–0 over Roma, og har med det fortsatt håp om avansement fra mesterligaens gruppe C.

    Antoine Griezmann og Kévin Gameiro gjorde målene for det spanske hovedstadslaget.

    Champions League - Atletico Madrid vs Roma
    Foto: Juan Medina / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal