Hopp til innhold

Eckhoffs trenar slår tilbake mot NRK-Lunde

Dei nye landslagstrenarane Patrick Oberegger og Sverre Waaler Kaas utløyste ramaskrik i Skiskyttar-Norge og møtte stor skepsis frå NRKs skiskyttarekspert Ola Lunde. No svarer duoen kritikarane.

Patrick Oberegger

UEINIG: Patrick Oberegger meiner han har nok skytekompetanse til å trene kvinnelandslaget i skiskyting sjølv om han ikkje hadde rolla som skytetrenar i konkurranse for det italienske landslaget.

Foto: Terje Haugnes / NRK

– Må ein stå mykje på standplass i konkurranse for å vere ein god skytetrenar? Det har eg ikkje høyrt før, seier Patrick Oberegger.

Kommentaren er eit stikk til NRKs skiskyttarekspert, Ola Lunde, som uttrykte skepsis like før Oberegger blei skytetrenar for Tiril Eckhoff og resten av det norske skiskyttarlandslaget for kvinner.

Det var følgjande utsegn landslagstrenaren reagerte på:

– Eg er litt overraska om dei ikkje hyrer ein med spesifikk skytekompetanse. Eg har ikkje sett Oberegger på standplass ein einaste gang i verdscupen i vinter, sa Lunde.

Oberegger føler Lunde bomma med kritikken, og fortel at han har lang erfaring som skytetrenar med det italienske landslaget. Dette til tross for han ikkje tok seg av jobben som trenar på standplass i konkurranse.

– Eg har stått på standplass under treningssamlingar med det italienske landslaget. Eg stod også på standplass i konkurranse før Ola Lunde blei ekspert for NRK.

– Det italienske landslaget er ikkje så stort at eg kan kreve å stå på standplass i konkurranse. Eg hadde to eldre kollegaer som tok seg av det, medan eg sekunderte i løypa. I konkurranse får ikkje trenaren gjort så mykje med skytinga. Då skal utøvaren vere sjølvstendig, seier Oberegger.

Stor bekymring

Trenaren møter NRK saman med sin nye kollega, Sverre Waaler Kaas. Saman bidro dei til å sette fyr på Skiskyttar-Norge då dei blei nye landslagstrenarar i mai.

– Finst det verkeleg ingen med bakgrunn i norsk skiskyting som er gode nok?, spurte ein kritisk Alf Koksvik, som er tidlegare idrettssjef og generalsekretær i Norges Skiskyttarforbund.

Bekymringa var at ingen av landslagstrenarane no kom frå norsk skiskyting. På herresida kjem fysisk trenar Egil Kristiansen frå norsk langrenn og skytetrenar Siegfried Mazet frå fransk skiskyting.

På kvinnesida kjem fysisk trenar Kaas også frå norsk langrenn medan skytetrenar Oberegger kjem frå italiensk skiskyting.

– Det er veldig, veldig dumt at så mykje kompetanse forsvinn ut av forbundet, sa tidlegare landslagstrenar Kjell Ove Oftedal.

Waaler Kaas og Oberegger

NY DUO: Sverre Waaler Kaas og Patrick Oberegger.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

– Ikkje stor forskjell

Waaler Kaas vedgår at han har mykje å lære om skiskyting, men avviser at det er ei fare for norsk skiskytings framtid at både han og Kristiansen kjem frå norsk langrenn.

– Eg kjem ikkje frå skiskyttarsystemet, men eg kjem frå langrennssystemet. Eg tenker at dei systema går hand i hand. Eg trur ein trenar i skiskyting kan gjøre ein god jobb som trenar i langrenn og motsett. Forskjellen er ikkje så stor, seier Kaas.

– Men kombinasjonen av skyting og langrenn må lærast. Då skjønnar eg at dei vil ha fleire med erfaring, men nøkkelen blir uansett å vite kor stor totalbelastninga skal vere for utøvarane. Og der er ikkje overgangen så stor, legg han til.

World Cup Skiskyting kvinner 15 km

FORVENTNINGSFULL: Tiril Eckhoff meiner den nye trenarduoen ikkje fortente kritikken og skepsisen dei fekk som nye landslagstrenarar.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Han er fenomenal

Tiril Eckhoff stoler på at landslagstrenarane har den rette kompetansen.

– Patrick (Oberegger) har vore trenar for Dorothea Wierer og Lisa Vittozzi, og dei er bedre enn oss til å skyte. Han er fenomenal i oppfølginga og kan masse om skyting, seier Eckhoff.

– Sverre er klar for å gjøre det som skal til, men treng nok å bruke litt tid på å lære kor masse energi skytinga tar.

Ola Lunde har fulgt duoen på trening og har snudd frå skeptisk til forventningsfull.

– Dei er veldig gode på den tette oppfølginga, som mangla tidlegare, seier Lunde.

Ola Lunde

HAR SNUDD: NRKs skiskyttarekspert er imponert over arbeidet Oberegger og Kaas har gjort så langt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal