Eckhoff slo Røiseland i spurten

Tiril Eckhoff (fire bom) spurtslo Marte Olsbu Røiseland (tre bom) og gjekk inn til andreplass på fellesstarten i skiskyting i Oberhof.
Finske Kaisa Mäkärainen (ein bom) vann løpet med god skyting i den tøffe vinden. Verdscupleiar Dorothea Wierer gjekk inn til fjerdeplass. Ingrid Landmark Tandrevold (ni bom) kom på 23.-plass, mens Karoline Knotten (tre bom) gjekk inn til ein 26.-plass.

Siste nytt

  • Forfang best av dei norske

    Johann André Forfang blei nr 9 og beste nordmann i hoppkvaliken i Zakopane. Dawid Kubacki var best.

    Fem av seks nordmenn kvalifiserte seg. Daniel André Tande (nr 18), Marius Lindvik (22), Robert Johansson (33) og Robin Pedersen (34) skal vere med søndag.

    Andreas Granerud Buskum er ikkje kvalifisert.

    Switzerland Ski Jumping World Cup
    Foto: Alexandra Wey / AP
  • Norge ikkje til EM-finalen

    Norge tapte for Kroatia 28-29 etter fire ekstraomgangar i semifinalen. Det betyr bronsefinale laurdag. Sigersmålket kom to sekund før slutt.

    Motstandar i bronsekampen blir enten Spania eller Slovenia.

Sendeplan

Kl. Program Kanal