Hopp til innhold

Eckhoff spurtslo OL-vinnar i langrenn: – Det er heilt rått!

SOTSJI/OSLO (NRK.no): Då Tora Berger (32) tryna seg ut av løpet før første skyting, viste tronfølgjar Tiril Eckhoff (23) seg fram. Eit monster av ein sisterunde blei toppa ved å spurtslå ein tidlegare OL-gullvinnar i langrennssprint.

Tiril Eckhoff

Tiril Eckhoff spurta frå Evi Sachenbacher-Stehle og glei over målstreken til bronsemedalje. Den tyske 33-åringen bak til høgre i bildet er dobbelt olympisk meister i langrenn - eitt av gulla på sprint.

Foto: Carlos Barria / REUTERS

Tiril Eckhoff

Tiril Eckhoff slepp jubelen laus etter OL-medalje etter spurtduell. Evi Sachenbacher-Stehle glir inn til fjerdeplass, medan gullvinnar Darya Domratsjeva kjem til for å gratulere 23-åringen.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Evi Sachenbacher-Stehle (33) tok nemleg gull på lagsprinten i Vancouver-OL 2010. Etter dette gjekk ho over til skiskyting. Måndag fekk ho juling i spurten av 23 år gamle Tiril Eckhoff frå Bærum.

– Eg hadde ein draum, eg hadde det. At den er verkeleg no er heilt utruleg, seier Eckhoff til NRK etter tredjeplass og bronsemedalje.

– Du er klar over at du har spurtslått ein dobbelt olympisk meister i langrenn?

– Nei, det var eg ikkje, men det er alltid deilig å få vite. Det er rått!, flirer Eckhoff.

Ho omtalar medaljen sjølv om «ein skrell» og fortel at ho svevar på ei sky. Det var då ho gjekk ut frå siste skyting at ho forstod at medaljesjansen var til stades.

– Då tenkte eg «yes, dette er moglegheita mi!».

– Det er så bra for framtida

23-åringen har tidlegare ein tredjeplass som beste plassering i verdscupen. Måndag ettermiddag blei det OL-medalje.

– Fantastisk av Tiril! Dette er noko av det kjekkaste eg har opplevd. Eg unner ho det så mykje, og det er så bra for framtida til norsk skiskyting. Eg tek av meg hatten, seier NRK-ekspert Liv Grete Skjelbreid Poirée.

Darya Domratsjeva tok sitt tredje gull i OL. Gabriela Soukalova tok sølvet.

Egil Gjelland

Trenar Egil Gjelland var rørt etter at eleven spurta inn til medalje.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Rørt trenar

Eckhoff sjølv kalte seg sjølv «ein sippeunge» etter alle gledestårene. Trenar Egil Gjelland var ikkje langt unna å kunne kallast det same.

For det var ein rørt trenar som møtte NRK.

– Det er enormt, vanvittig bra. Ho gjer ein fantastisk innsats. Ho har jobba knallhardt i fleire år, seier Gjelland.

Også trenaren er klar på at bronsevinnaren er ein løpar for framtida.

Soukalova og Eckhoff

Eckhoff gliser for bronse, Gabriela Soukalova for sølv.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Favoritten tryna

Skia var endeleg i orden på fellesstarten, men for det største norske håpet gjekk det gale allereie før første skyting.

Halvvegs ute i den første runda gjekk Tora Berger i bakken på klønete vis. Ho mista mange sekund, og klarte aldri å hente seg inn igjen.

Dette trass i at både ho, Eckhoff og Ann Kristin Aafedt Flatland skaut fullt på første skyting.

Full kontroll på nervane

Med fulle norske hus på første skyting, blei det éin bom på alle dei norske jentene på andre skyting.

Eckhoff låg best an av dei norske ut frå andre skyting på ein 16.-plass – 37,5 sekund bak leiande Domratsjeva. Etter passering 5,9 kilometer hadde Eckhoff gått seg opp til 13.-plass. På 6,5 kilometer var ho nummer 11.

Etter fullt hus på tredje skyting gjekk ho ut på fjerdeplass, 46,5 sekund bak Domratsjeva, men berre 11,1 sekund bak Sachenbacher-Stehle på tredjeplass.

Mellom tredje og fjerde skyting blei ho henta inn av Kaisa Makarainen. Inn til siste skyting var ho fem sekund etter tysk og finsk motstand.

Makarainen bomma éin gong, medan Sachenbacher-Stehle fylte. Med ei lynrask ståande skyting følgde derimot Eckhoff opp med fullt hus.

– Mektig imponert

Den siste runden blei av det ekkelt spennande slaget. Eckhoff jaga saman Teja Gregorin og to tredelar inne i den siste runden hadde dei henta inn Sachenbacher-Stehle.

Så blei Gregorin distansert. 23 år gamle Tiril Echhoff mot 33 år gamle Evi Sachenbacher-Stehle – tidlegare langrennssprinter.

Kongen og dronninga

Kong Harald og dronning Sonja fekk sjå Tiril Eckhoff gå inn til bronsemedalje.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Vel inne på oppløpet fekk ein derimot sjå enorme krefter frå den unge bæringen. Den tyske veteranen blei distansert, og Eckhoff glei over målstreken til ein sensasjonell bronsemedalje.

– Eg vil ikkje seie eg er overraska, for eg har sett spurteigenskapane. Men det er alltid vanskeleg nå ho ikkje har spurta mot Sachenbacher-Stehle før, seier Skjelbreid Poirée.

– Men eg er mektig imponert. Kapasiteten har vore der og ho har vore litt outsider heile vegen. I dag hadde ho dagen og då er ho der, jublar NRK-eksperten.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Skiskyting kvinner, fellesstart» i nytt vindu

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal