Ritual og overtru er ein svært vanleg del av livet til idrettsutøvarar. Også for skiskyttarane.
– Eg prøver å bli kvitt noko, men eg har framleis nokre sære ting eg held på med, innrømmer Tiril Eckhoff.
Også den sjuande sprintsigeren på rad vart til dømes teken med hestehale og eit par svarte sokkar.
– Det er fordi eg trur at ein står betre – at ein er meir på jorda då. Det er overtru, litt Shaman Durek-opplegg, men eg har trua på det, avslører Eckhoff litt motvillig i den siste episoden av NRK-podkasten «Sporten».
- Høyr Eckhoff snakke om mellom anna overtru i den siste episoden av podkasten Sporten her:
Pasta og lykkeboksar
Ho er ikkje den einaste i laget som sver til enkelte spesielle ting før løp. Vetle Sjåstad Christiansen fortel at han i mange år gjekk med den same blå supermanns-boksaren. For Sturla Holm Lægreid er det meditasjon som fungerer. Utøvarane et dessutan alltid pasta nøyaktig tre timar før renn, og herrane joggar klokka 09.30 på konkurransedag.
– Vi har eit kveldsmøte før konkurranse og avsluttar alltid eg møtet med «guys, leit's do this», og så er det full applaus. Det er 100 av 100 gonger, og det er ein overtroisk tradisjon, seier Christiansen.
BESTE LAG: – Vi har ekstremt mange gode rutinar, og eg trur det er noko av suksessoppskrifta til det norske laget, meiner Vetle Sjåstad Christiansen (t.v.).
Foto: JURE MAKOVEC / AFP– Viss det fungerer så er det gull verdt, uansett om det er placebo eller ikkje, så er det berre å halde på dei. Men viss det tek det overhand og stel energi, bør ein vurdere noko anna, meiner Lægreid.
Også forskarar har komme fram til at spesielle ritual kan hjelpe ein å prestere. Liv Grete Skjelbreid jobbar mykje med idrettspsykologi. Sjølv svor ho til eit par øyredobbar og bretting av klede.
– Når ein har ritual, førebur ein kroppen på kva han skal gjere, så det har ein effekt, men det er nesten det same kva ein gjer som gir det kicket. Når du trur på det, set det deg i modus og gjer at du justerer spenningsnivået, seier NRKs ekspert.
«Tvangstanke-Tiril»
Men Eckhoff har òg opplevd at det har bikka over. I ein tidlegare episode av eigen podkast Kant ut gav ho seg sjølv kallenamnet tvangstanke-Tiril. Det fordi ho skreiv detaljerte planar for kvart einaste skirenn i nærare to år.
– Det er ein hårfin balanse mellom den tryggleiken ein føler på ved å lage ein god plan, og samtidig den utryggja ein føler på viss ein fell ut av den planen, sa ho der.
No legg 30-åringen så få planar ho kan. Ho veit at alle skirenn er ulike, og at uventa ting som regel skjer. I tillegg unngår ho til dømes å ta på seg klede eller utstyr i same rekkjefølgje.
– Eg føler meg definitivt meir laus og ledig no. Eg har ikkje så mykje prestasjonsangst som eg har hatt før, og det gjer at ein er lettare til sinns, forklarer ho.
SUVEREN: Tiril Eckhoff trur rutinar er viktig, men jobbar for å unngå at det blir tvangstankar.
Foto: TT NEWS AGENCY / ReutersMen så var det den hestehalen. For etter at ein TV-sjåar under VM hadde rekna på at Eckhoff hadde fleire sigrar og gjekk betre renn med hestehale enn med flette denne sesongen, har ho berre gått med hestehale.
– Du tok VM-gull med flette i 2016, fortel NRK henne.
– Ha-ha. Det er viktig å få lagt det overtroiske dødt. Eg synest eg har vorte betre på det, men å ha rutine på ting trur eg er viktig. Og det er rutine på ganske mykje.