Hopp til innhold

Eckhoff flyttar frå Trondheim til Oslo: – Har vore heilt aleine

Etter fem år i Trondheim har Tiril Echkoff bestemt seg for å flytte tilbake til Oslo. Det trur ho vil gjere henne til ein betre skiskyttar.

Tiril Eckhoff i Oslo

SKAL FLYTTE: Det var nå eller etter OL i Pyeoengchang flyttinga frå Trondheim til Oslo måtte skje. Nå har Tiril Eckhoff bestemt seg og leitar etter hus saman med kjærasten.

Foto: Anne Rognerud / NRK

– Alle trønderar veit vel kva 19F på Gardermoen er. Det er eit helvete. Eg er veldig glad eg slepp det nå.

Tiril Echkoff sit i graset utanfor Olympiatoppen og gliser. Det er det huset, og ikkje flyplassgaten, som er den viktigaste grunnen til avgjerda ho nå har tatt.

Fem år i Trøndelag, der 25-åringen har studert til å bli sivilingeniør på NTNU, var nok.

– Eg har vore heilt aleine i Trondheim, spesielt på skytebanen har eg gjort alt sjølv. I Oslo kan eg få mykje tettare oppfylging, spesielt her på Olympiatoppen. Det er kanskje det beste med å flytte.

Håpar å trene med Johaug og Østberg

Det har gått to månader sidan gullrusen i Holmenkollen, der Tiril tok to gull mot alle odds. Etter VM var gulljenta sliten, småsjuk og utlada. Verdscupavslutninga i Russland sto ho av og tok ein tidleg ferie.

– Eg var utslitt, men mest av alt hadde nådd dei viktige måla eg hadde sett meg. Da frista det ikkje å reise til 15 minus og Russland, men heller ligge på sofaen hos mamma og pappa, flirer ho.

Sidan da har gulljenta kobla av med ferie i Bardufoss og Athen.

– Eg har ikkje verdas beste form akkurat nå, men håpar eg har brukt nok tid til å kople av. Nå har eg sett meg nye mål og håpar å vere stabil gjennom heile sesongen.

Det er der flyttinga til heimlege trakter kjem inn.

– Eg trur det kan gjere meg betre. I Oslo får eg meir matching og betre oppfylging. I tillegg slepp eg den ekstra flyreisa når eg skal heim frå verdscupkonkurransar. Kanskje eg kan snike meg med Therese, Marit og Ingvild på nokre økter også, smiler Eckhoff.

Tiril Eckhoff

RØRT: Tiril Eckhoff tok gull på sprinten og oppnådde med det sitt største mål som skiskyttar. Seinare var ho også med på det sensasjonelle gullet på stafetten

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Dei er heilt rå

Det er akkurat det skiskyttaren har gjort i dag. Saman med Ingvild Flugstad Østberg og fleire av langrennsjentene var ho ute på langtur på rulleski i Maridalen.

– Me har mykje å lære av dei. Dei er for eksempel veldig konsekvente på tid, når klokka er åtte så går dei. Dei er heilt rå på sånne ting, der har me ein del å lære, men eg trur også dei har ein del å lære av oss når det gjeld kvalitet, når me fyrst trenar så trenar me godt.

Ingvild Flugstad Østberg set pris på øktene med Eckhoff.

– Me har trent litt med Tiril før og det er alltid veldig bra. Ein snakkar om faglege ting og ikkje så faglege ting. Eg kan lære mykje av ho, og ho kan forhåpentlegvis lære av oss også, seier Østberg.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal