Haugesund fekk ein verst tenkeleg start på bortemøte med Strømsgodset. Etter 27 minutter blei Filip Kiss utvist og like etter ordna Nana leiing for heimelaget.
Men det var ingenting i forhold til dramatikken som utspelte seg i sluttminutta på Marienlyst.
– Aldri vore borti liknande
Strømsgodset var i leiinga etter at Martin Rønning Ovenstad hadde sendt laget opp i 2-0 etter 68 minutt.
Så var Ovenstad på farten igjen. Han drog seg inn i feltet og blei felt av Haris Hajradinovic, men reprisen viste at fellinga skjedde utanfor straffefeltet. Likevel bles dommar Ken Henry Johnsen for straffe.
Keeper Per Christian Bråtveit storma frustert ut og da smell det for den bosniske spissen, som dyttar og er oppe med handa i ansiktet til sin eigen keeper.
Straffe blir det uansett, men i tillegg får Hajradinovic sjå det raude kortet etter å ha dytta sin eigen lagkamerat!
– Me hadde alt eit raudt kort og det er tungt, og så lagar me straffe. Da mistar eg litt koken og det er sånn som skjer. Det er kjedeleg, men det var ikkje vår dag i dag, seier Bråtveit i intervju vist på TV2.
Haugesund-trenar, Mark Dempsey synest det var ein spesiell situasjon.
– Eg har ikkje sett det, men gutta seier at Haris ikkje slo til han. For det fyrste burde det ikkje ha blitt straffe. Bråtveit spring ut frå målet, han er ein ung gut og han vil lære av dette. Me kjem til å diskutere episoden og det kjem ikkje til å skje igjen, seier Dempsey.
Dommar Ken Henry Johnsen seier han fekk beskjed på øyret frå assistentdommaren.
– Eg får beskjed at spelaren har vore valdsam mot ansiktet mot sin eigen keeper, og det er per definisjon eit raudt kort.
– Har du vore borti liknande?
– Nei, ikkje som eg kjem på. Men regelboka er klar. Det betyr ingenting at det er eigen spelar. Einaste forskjellen er korleis ein skal setje spelet i gang, men her var det jo stopp i spelet, forklarer Johnsen.
Mål blei det ikkje sidan Per Christian Bråtveit redda straffa frå Tommy Høiland. Dermed sikrar Godset årets fyrste siger mot serieleiaren før denne runden.