Jakob Ingebrigtsen kan sjå tilbake på sin sterkaste sesong gjennom karrieren.
Dei siste månadene har det vorte verdsrekord på to engelske mil og 2000 meter, europeisk rekord på 1500 meter, engelsk mil og 3000 meter, og dessutan VM-gull- og sølv i Budapest. For å nemne noko.
Då 23-åringen testa ut «beer mile» i eige utdrikkingslag tysdag, vart det også siger. Brørne Henrik, Filip og Kristoffer måtte alle sjå seg slått, det same med Magnus Tuv Myhre.
Det viser eit innlegg på Kristoffer Ingebrigtsens Strava-profil, der han har lagt ut bilete frå utdrikkingslaget.
Jakobs sluttid vart 5.22,42, men akkurat her er ikkje Ingebrigtsen i verdstoppen.
– Det er ikkje dårleg. Heilt greitt for å vere første gong han spring. Det viser potensial, seier Corey Bellemore (28).
REKORDHALDAR: Corey Bellemore er tidenes raskaste i «beer mile».
Foto: PRIVATBlir utfordra til ølduell
Han er verdsrekordhaldar i «beer mile» med tida 4.28,1 minutt. Og for å ta det kjapt, dette er «beer mile»:
I løpet av fire rundar rundt friidrettsbanen, som svarer til ei engelsk mil, må deltakarane også styrte fire øl. Ølen må innehalde minimum 355 milliliter.
– Jakob manglar ingenting på springinga i alle fall. Den store tingen er korleis du kan springe fort med magen full av øl og kolsyre, å styrte ølen raskt og lære seg å rape medan ein spring, fortel Bellemore.
– Det var overraskande tøft. Springinga er ikkje så vanskeleg, men ein gulpar jo opp så mykje skum, seier Kristoffer Ingebrigtsen til VG.
I UTDRIKKINGSLAG: Brørne Jakob, Filip og Henrik.
Foto: NTBBellemore fortel at han genetisk er godt eigna til å svelgje væske raskt og at det er hovudårsaka til at han hevdar seg så godt i «beer mile». No ønskjer han å utfordre nordmannen til duell i beer mile.
– Folk ville elska å sjå det. Eg kunne fått han til å lide på den distansen, seier den regjerande verdsmeisteren.
Bellemore foreslår at han kan lære Jakob alt om «beer mile» i byte mot at den snart gifteklare superløparen lærer han nokre løpetriks.
– Eg kunne lært han alt eg kan om beer mile og likevel slått han. Dette er territoriet mitt. Eg veit at eg kan hamle opp med kven som helst der.
Imponert Ramm
NRK-profilen Nicolay Ramm laga eit program om «beer mile» i 2020, og har fått testa seg på den uvanlege distansen.
Ramm lèt seg imponere av Ingebrigtsen.
– Med den tida der hadde Jakob komme på 4. – 5. plass i Beer Mile-VM, så det seier jo litt om nivået på dei beste beermilerne! Eg brukte rundt 8:30 då eg deltok, så eg har nok aldri vore nærare Jakob i ein løpsidrett.
ERFARING: Nicolay Ramm har sprunge beer mile tidlegare.
Foto: NTB– Han er openbert ganske god på å «chugge» òg, du spring ikkje på 5:22 utan å meistre øldrikkinga, meiner han.
Tidlegare verdsrekordhaldar i beer mile Chris Robertson driv i dag podkasten Beer Mile Podcast. I den seinaste episoden fortel han at venner av Ingebrigtsen tok kontakt i forkant av utdrikkingslaget for å forsikre seg om at løpet vart gjennomført rett med tanke på å få ein mogleg verdsrekord godkjent.
Nicolay Ramm og Markus Neby reiser til Berlin for å bryne seg mot verdseliten i sporten Beer Mile.
Hyller Ingebrigtsen
Bellemore er ein kompetent løpar utan øl i magen òg. Den personlege rekorden hans på ei engelsk mil er 3.57,32. I helga sette Ingebrigtsen europeisk rekord på distansen med 3.43,73 – det nest raskast løpet i historia.
– Han er ein fenomenal utøvar, og langt føre meg i eit vanleg løp, seier Bellemore.
Han trenar 365 dagar i året og er heilprofesjonell forutan den eine dagen i året han deltek i beer mile. Han lèt seg inspirere av familien Ingebrigtsen og hyllar dei for måten dei har forandra sporten på.
– Det dei har gjort for friidretten, spesielt på mellomdistanse, er utruleg. Dei har endra måten alle trenar på. Det er unge folk som trenar ordentleg ute for første gong. Det er på grunn av dei og måten dei trenar på, metodikken og at dei er så opne om korleis dei gjer det, meiner Bellemore.
Ingebrigtsen gifter seg med Elisabeth Asserson i Drammen kommande laurdag.