Drivstoff-nekt på grunn av terrorfrykt: – Ein tragedie

Terrorfrykt er årsaka til at norsk dragracing-sport ikkje får bruke drivstoff som inneheld nitrometan. Det betyr krise for dragracing i Norge.

Dragracemiljøet i Norge fortviler to måneder før åpent mesterskap på hjemmebane.
Biler og motorsykler står nemlig parkert fordi drivstoffet Nitrometan er forbudt å kjøpe og bruke i Norge på grunn av terrorfrykt. Drivstoffet blir nemlig brukt til å lage bomber med.

SE VIDEO: – Det er harmeleg å ikkje få brukt den, seier Svein Olav Rolfstad om sykkelen han kanskje ikkje får kjøyre.

Sporten er i ferd med å få flott ny bane på Gardermoen til 30 millionar kroner, og der skal det vere nordisk meisterskap i august.

Der skal bilane bruke nitrometan-basert drivstoff. Bortsett frå dei norske, som ikkje får lov.

– Det er ein tragedie, men vi har framleis håp om at det løyser seg. Om vi ikkje finn ei løysing, ... eg torer ikkje å tenke tanken eingong, seier Lin Amundsen, greinleiar for dragbike i Norsk Motorsportforbund.

I går var motorsportforbundet i møte med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. DSB-direktør Cecilie Dae stengjer ikkje døra.

Kanskje løysing neste veke

– Vi har grunn til å tru at dei vil ha dei nødvendige rutinane på plass og oppfylle våre krav i løpet av neste veke. Då lovar eg at vi skal behandle søknaden raskt, seier Daae til NRK.

Berre det kraftigaste drivstoffet er godt nok i denne lynraske sporten.

SIW NYSTAD

TOP FUEL: Spetakkel, røyk og eld – det er det folk kjem for å sjå i dragracing

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det er «top fuel» som er det ypparste. Vi kan køyre på metanol, men då har vi ein heilt annan effekt. Det er nitrometanol-effekten som gjer at det verkeleg er moro, og som publikum kjem for å sjå på. Mykje spetakkel, mykje røyk, mykje flammar, seier Svein Olav Rolfstad, frå Toten Haawgs Racing.

Raskast i verda

Rolfstad og hans gjeng har laga bilen sjølv av mange hundre kilo aluminium. Også motoren er norskprodusert.

På ein 201-meter har bilen gjort den raskaste tida i verda med to sylindrar.

– Det er harmeleg å ikkje få brukt den, seier han.

Lin Amundsen meiner at dragracing ikkje kan greie seg utan nitrometanol.

– Kva gjer de om de ikkje får dispensasjon?

– Veit ikkje. Eg har ikkje våga å seie det til folk kor alvorleg det er enno. Vi har drøymt om ny bane i 20 år. No er det ein realitet, og her står vi. Gardermoen er kjend som Europas beste bane, seier Amundsen.

– Ikkje i mål

Cecilie Daae forklarer direktoratets strenge haldning slik:

– Vi har ansvaret for å sikre at stoff som kan bli brukt til samfunnsskadelege handlingar ikkje kjem på avvegar. Nitrometan er eit slikt stoff, og vart brukt i terrorhandlingane i Paris og Brussel. Det er viktig for oss at dei som skal bruke slike stoff, har orden på alt. Vi har hatt dialog med motorsporten sidan 2013, og dei har kome langt, men er ikkje heilt i mål enno, seier Dae.

– Har motorsporten hatt vanskar som har gjort dykk urolege?

– Nei. Det er det generelle biletet i Europa som vi dessverre har fått demonstrert til fulle denne våren, som gjer oss endå meir årvakne og vaktsame.

Siste nytt

  • Tjalve og Tyrving vann lagserien

    Tjalve blei best i mennenes lagserie i friidrett for femte år på rad. I kvinneklassen gjekk Tyrving til topps. Dei to klubbane kniva om topplassen i begge klassene, melder Norges Friidrettsforbund.

  • Skadet Vonn mister renn

    Alpinstjernen Lindsey Vonn har skadet kneet på trening og kan ikke kjøre fartsrennene i canadiske Lake Louise neste uke. Det varsler hun selv på sin Twitter-konto. Vonn har tidligere varslet at den nylig påbegynte sesongen blir hennes siste.

    ALPINE-SKIING-SWEDEN/ Lindsey Vonn of the U.S. competes during the women's Parallel Slalom City Event of the FIS Alpine Skiing World Cup in Stockholm, Sweden
    Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters
  • Marerittkveld for PSG

    PSG-spillerne Neymar og Kylian Mbappé måtte begge gå av banen med skade for henholdsvis Brasil og Frankrike i kveldens landskamper. Neymar tuslet av banen etter 8 minutter mot Kamerun, mens Mbappé gikk av før pause mot Uruguay.

    Neymar
    Foto: Frank Augstein / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
NRK Sport Live
Ekspertmøte sjakkVM
VM sjakk: Parti 9: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 9 Magnus Carlsen - Fabiano Caruana
VM sjakk: Parti 9
VM sjakk: Parti 9: Magnus Carlsen - Fabiano Caruana