NRK Meny
Normal

Drillo om San Marino-kampen: – Det tristaste eg har sett

Egil «Drillo» Olsen trudde nesten ikkje sine eigne auge under kampen mot San Marino i går, men tykkjer likevel Per-Mathias Høgmo bør fortsette som landslagstrenar.

drillo

UVERKELEG: Egil «Drillo» Olsen måtte klype seg sjølv i armen då San Marino skåra i gårsdagens kamp mot Norge.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Trass gårsdagens nesten-flause mot lilleputten San Marino sa fotballpresident Terje Svendsen i dag at Per-Mathias Høgmo får fortsette som landslagstrenar.

I alle fall til etter Norge har møtt Tsjekka 11. november. Då skal han gjennom ein grundig evaluering.

Det trur tidlegare landslagstrenar, Egil «Drillo» Olsen, er ein god idé.

– Berre trist

Men det er av heilt andre grunnar enn gårsdagens 4-1-siger over San Marino. Der finn «Drillo» lite å glede seg over.

– Den første omgangen er noko av det tristaste eg har sett. Det var so dårleg at eg ikkje trudde det eg såg.

Han meiner at dei kom seg utover i kampen, men at det er for dårleg mot laget som er rangert som nummer 201 på FIFA-rankingen.

– Det blei betre i andreomgang, men totalt sett var det svært skuffande. Opninga var ille, og me skapar so godt som ingenting mot eit av verdas dårlegaste fotballag.

høgmo

OPPGITT: Heller ikkje Per-Mathias Høgmo var heilt nøgd med den norske forestillinga mot San Marino.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Må slå Tsjekkia

Neste motstandar i VM-kvaliken er Tsjekkia på bortebane den 11. november. Dei har til liks med Norge ikkje spelt særleg bra dei siste kampane. I går spelte dei 0-0 mot Aserbajdsjan, laget Norge tapte 0-1 for.

– Slår me Tsjekka er me med til 1000. Det har me kapsitet til. Me er nesten avhengig av å vinne.

Og skal Norge gjere det, er Drillo heilt sikker på at det er bra at Høgmo fekk fortsette.

– Eg er veldig glad for at han får fortsette. Det hadde berre gitt uro å sparke han no.

Laster innhold, vennligst vent..

– Uverkeleg

Men han registrerer at Høgmo gjer mykje annleis enn det han sjølv ville gjort.

– Det er alt for mange pasningar. Alt for få gjennombrot, og alt for seine innlegg.

Svendsen

FREDAR HØGMO: Fotballpresident Terje Svendsen seier at Høgmo skal bli evaluert etter Tsjekkia-kampen.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det meiner han heller ikkje fungerte særleg godt i kampen mot San Marino.

– Per-Mathias hadde lagt opp til gjenvinning, og det i seg sjølv fungerte ganske bra, men det me gjer etter gjenvinninga er berre trist. Då spelar me berre ballen bakover. Eg har registrert at han står lenger unda min filosofi enn det eg var klar over.

Difor meiner han Norge kan takke seg sjølv for at San Marino skåra sitt første bortemål i ein VM-kvalik på 15 år.

– Eg klaup meg i armen og sa at dette ikkje er verkeleg. Det var so uverkeleg. Det var ein fin skåring, det var det verste.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
4-4-2 Radiosporten
VM-kveld
4-4-2 Eliteserien fotball: Vålerenga - Brann