Drillo med klar beskjed: – Forleng kontrakten med Lagerbäck

Tidlegare landslagssjef Egil Olsen (76) meiner det er ein sjølvfølge at fotballforbundet prøver å forlenge kontrakta med svensken.

Drillo

TILLIT: Drillo meiner Lars Lagerbäck bør jobbe endå lenger for Noreg enn kontrakten til 2020. Her frå då VM-trofeet var i Noreg i mars.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det er ingen grunn til å ikkje forlenge kontrakten med Lars, seier Drillo til NRK.

Lagerbäck har signert ei avtale med landslaget til 2020 dersom laget kvalifiserer seg til EM same året. Deretter har 70-åringen sagt at han skal pensjonere seg.

Men ifølgje Noregs fremste landslagssjef gjennom tidene bør fotballforbundet overtyde svensken om å halde fram endå litt lenger.

– Dette er ikkje mitt område. Han er ikkje nokon unggut Lars heller – så ei femårskontrakt er kanskje ikkje aktuelt å dele ut.

– Men at han bør få forlenga med eit par år etter 2020 er ein sjølvfølge. Dersom han vil sjølv naturlegvis, seier Drillo til NRK.

Trur Noreg vinn gruppa

Tysdag kveld leia Lagerbäck Noreg fram til ein overbevisande 1-0-siger mot Bulgaria på Ullevaal stadion.

– Det var fotball litt etter mitt hjarte. Og sjølv om det dabba litt i andre omgang så hadde vi bra kontroll defensivt. Det er veldig tryggande. Og no ser det betre ut offensivt også, og då blir det morosamt, meiner Drillo.

Bilder med tillatelse fra TV2

Bilder med tillatelse fra TV2

Noreg leiar gruppa i nasjonsligaen på betre målskilnad enn Bulgaria.

– Bulgaria er det dårlegaste laget i gruppa. Eg har sett alle laga. Eg såg kampen mellom Slovenia og Bulgaria, og Slovenia var klart betre enn Bulgaria. Eg meiner det er sannsynleg at Noreg vinn denne gruppa, seier Drillo.

– Ikkje tema

Sportssjef Nils Johan Semb sit i møte med nettopp Lagerbäck og assistent Per Joar Hansen då NRK ringer onsdag morgon. Og seier følgande om Drillos meining om å forlenge Lagerbäcks kontrakt.

– Det er fint at Drillo synest det ser bra ut, men det er førebels ikkje noko tema, seier Semb til NRK.

– Vi gler oss over landslagets resultat det siste året, men no har vi fullt fokus på dei to siste gruppespelskampane i nasjonsligaen. Lars har kontrakt med NFF ut 2019, og til og med EM i 2020 dersom vi kvalifiserer oss, svarar fotballpresident Terje Svendsen i ei tekstmelding.

Lars Lagerbäck takka sjølv høfleg nei då NRK ville snakke med han dagen etter sigeren på Ullevaal.

– God leiar

Lars

PLAN: Lars Lagerbäck har innført ei sterk defensiv organisering i det norske laget. Her i samtale med Tarik Elyounoussi.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

På 17 kampar står Lagerbäck med ti sigrar, to uavgjort og fem tap for Noreg.

Noreg vann sin sjuande heimekamp på rad mot Bulgaria. Det er ny landslagsrekord. Den førre rekorden på seks heimesigrar blei sett nettopp med Drillo som sjef i 1992-93-sesongen.

– Han er først og fremst sterk fotballfagleg. I tillegg er han også ein bra leiar - sjølv om eg ikkje er i miljøet og ser på det heile vegen. Men eg kjenner folk i miljøet så godt - at eg veit at han er ein god leiar. Eg meiner at vi ikkje kunne fått noko betre landslagssjef enn Lars Lagerbäck, seier Egil Olsen.

Laster innhold, vennligst vent..

Siste nytt

  • Kirkevold matchvinner for Hobro

    Pål Alexander Kirkevold fortsetter sin fine målform i sluttspillet i dansk fotball. 2. påskedag scoret han igjen da Hobro slo Vendsyssel 3-2.

    Yaw-Ihle Amankwah spilte også hele kampen, mens Julian Kristoffersen fikk drøyt ti minutter som innbytter.

    Fotball menn, dansk eliteserie. Superliga. AC Horsens - Hobro IK .
    Foto: Frank Cilius / NTB scanpix
  • Fowler kan bli hovedtrener

    Den tidligere storscoreren Robbie Fowler (44) skal tirsdag presenteres som hovedtrener for A-League-klubben Brisbane Roar, ifølge australske og britiske medier.

    Fowler er mest kjent for å ha spilt over 300 kamper og scoret 171 mål for Liverpool.

    r
    Foto: Erlend Aas / NTB scanpix
  • Ruud fortsatt inne blant topp 70

    Casper Ruud går ned én plass og er rangert som verdens 69. beste tennisspiller på den ferske ATP-rankingen.

    20-åringen fikk et realt løft på forrige ukes ranking etter at han spilte seg til finale i en ATP-turnering på grus i Houston, Texas.

    Tennisspilleren Casper Ruud på toppen av Holmenkollen under et pressemøte i forbindelse med tennisturneringen Collector Bank Norwegian Open 2017.
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal