Først utlikna Jørgen Kolstad for Lillestrøm i det 88. minutt og det såg ut til å gå mot poengdeling, men berre minuttet etter svarte Stabæk med Agon Mehmeti til 2–1 som vart sluttresultatet.
Og den scoringa var av den merkelege sorten. Innleigde Pål Vestly Heigre i LSK-målet kom ut for å stoppa eit langt oppspel, men i staden for å ta ballen tok han ned både ein lagkamerat og ein motspelar. Mehmeti dukka opp på den frie ballen og sette inn sigersscoringa.
Til TV 2 etter kampen ville ikkje Vestly Heigre seie om det var ein tabbe eller ikkje, før han hadde sett situasjonen på video.
– Eg er meir nøgd med innsatsen enn med tre poeng. Vi går heim med ei kjensle om at vi kan vinne kampar og det er det viktigaste i dag, seier Stabæk-trenar Toni Ordinas.
Moussa Njie kampens førstemål, då han sende Bærumslaget i leiinga etter 37 minutt. Han kom inn frå kanten, og då ingen i Lillestrøm-forsvaret kom i pressløfta ballen heilt oppi krysset til 1–0.
Styrte kampen
Med Toni Ordinas i sjefsstolen som ny hovudtrenar køyrde Stabæk kampen mot LSK. For Stabæk skapte sjansane og hadde banespelet. Dei var nærare 2–0, enn vertane var utlikning før dei to måla på slutten.
– Vi må gå på treningsfeltet og gjera jobben. Vi er inne i ein dårleg periode og vi må jobba oss ut av den, seier LSK-trenar Rúnar Kristinsson til NRK.
Etter bronsemedaljen i fjor, har Stabæk hatt ein frykteleg start på årets sesong. Før oppgjeret mot Lillestrøm på Åråsen hadde dei berre tatt ti poeng, og etter tapet mot walisiske Connahs Quay i Europaligaen fekk trenar Billy McKinlay sparken.
U19-trenar Toni Ordinas tok over ansvaret som hovudtrenar og leia laget i dagens kamp mot LSK.
Med Ordinas i sjefsstolen klatra Stabæk over nedrykksstreken, og gjekk forbi både Vålerenga og Aalesund.
- Les også:
- Les også: