– Det er alltid surt å bli slått på målstreken, seier Lund Svindal til NRK.
I gårsdagens super-G-renn køyrde Aksel Lund Svindal ut. Men i dagens renn ville han vise at han framleis høyrer heime i toppen.
Lund Svindal leverte eit nesten perfekt løp, utanom eit par småfeil i eit parti av løypa, der han tapte tid til konkurrentane. Den feilen viste seg diverre å bli utslagsgjevande.
Frå eit seint startnummer kom Max Franz inn og stal sigeren frå Svindal, med margin på fire hundredelar. Det var austerrikaren sin første verdscupsiger.
– Gjorde ein stor feil
Etter målgang innrømmer Svindal at det var vanskeleg å fokusere på å levere eit godt løp i den tøffe løypa i Val Gardena.
– Det er mykje å ta omsyn til. På den eine sida er det helsa, og på den andre vil ein vinne renn. Det er mange tankar i hovudet på ein gang.
– Ein blir mållaus av det han gjer. Det er heilt utruleg, seier NRKs alpinkommentator, Andreas Toft.
Og sjølv om det var eit tilnærma perfekt løp, var det ein stad der Svindal bomma på linja, og tapte tid.
– Eg gjorde ein stor feil, men resten var bra. Avslutninga var digg. Men eg trudde Kjetil skulle ta det.
Kjetil Jansrud hadde vunne tre av tre fartsrenn før dagens renn, og var storfavoritt til å ta sigeren. Men slik blei det ikkje.
– Jansrud valde feil ski
Kjetil Jansrud tapte tid til Svindal gjennom heile løypa, og hadde låg fart inn mot mål. Det fekk NRKs alpinekspert til å stusse.
– Jansrud har so låg fart i sluttpartiet der, og har vore den beste i fartsdisiplinane i år. Det tyder på at han har valt feil ski i dagens renn, seier Kjetil André Aamodt
– Kva skjedde i dag?
– Godt spørsmål, eg synst eg køyrde eit godt løp. Eg var litt ivrig nokre stader, men gjorde ingen store feil. Eg tapar veldig mykje ved siste passering, og eg er misfornøgd med det. Me får sjå om det stemmer, seier Jansrud til NRK.
Trass ein litt skuffande plassering for Jansrud, gler han seg på lagkameraten sine vegner.
– Eg er ikkje overraska i det heile. Han (Svindal journ.anm) er frykteleg god på ski, og det han gjer i dag er imponerande, seier Jansrud.
Aleksander Aamodt Kilde leverte eit godt løp, og var 57 hundredelar bak Svindal i mål. Det heldt til slutt til ein 6.-plass.
– Eg er veldig nøgd med det eg klarte å gjennomføre, seier Kilde til NRK.
Kilde er også full av lovord av Lund Svindal.
– Ingen forventar dette av Aksel, men har det berre inne i seg, seier Kilde