Den internasjonale korrespondentklubben i Kina (FCCC) er uroa over utviklinga, og fryktar aukande fiendtleg haldning til vestlege media fram mot sommarleikane i august.
- Ein kampanje
FCCC karakteriserer det som ein kampanje. Minst ti vestlege journalistar har fått anonyme truslar, både over nettet og gjennom staltege media. Truslane blir grunngitt med misnøye med dekninga under uroa i Tibet og tida etterpå.
Det olympiske charteret, som Kina har godteke, krev full reisefridom og fridom til å intervjue kven som helst i perioden frå januar 2007 til oktober 2008.
Har blitt verre
Men i staden har arbeidsforholda blitt verre, skriv FCCC i ei pressemelding. Organisasjonen veit om meir enn 50 tilfelle der internasjonale media har prøvd å lage reportasjar frå Tibet, men har blitt hindra i arbeidet. Utanlandskorrespondentane har blitt hindra i å gjennomføre intervju, dei har blitt kroppsvisiterte, og fått konfiskert utstyr, notatar og opptak.
"Dersom dette får halde fram, vil det forgifte atmosfæren for utanlandske journalistar fram mot OL", seier FCCC-president Melinda Liu.
"Vi krev at styresmaktene granskar drapstruslane, som er imot kinesisk lov, og elles arbeider for å skape eit arbeidsmiljø som samsvarer med landets olymoiske lovander", legg ho til.
FCCC krev mellom anna at journalistane skal få fri tilgang til Tibet og andre regionar, garantiar for at kinesarar som står fram i media, ikkje skal bli forfølgde og straffa, og at reglane om frie arbeidstilhøve også skal gjelde etter 17. oktober, når den olympiske perioden går ut.