Nora Mørk, Katrine Lund, Kjerstin Boge Solås og Henny Reistad er alle uaktuelle til VM i Japan i desember. Veronica Kristiansen og Amanda Kurtovic er usikre, og Kari Aalvik Grimsbø har meldt avbod.
– Dette er tungt. Både eg og alle andre hadde gledd oss til å spele med Nora, seier Reistad, som sjølv er i rehabilitering etter ein vellukka operasjon.
– Men eg kan ikkje sjå for meg at eg hadde orka å kome tilbake så ofte og etter så langvarige skader som det Nora har hatt.
Nora Mørk er på nytt skadd etter at ho pådrog seg ein leddbandskade i debuten for CSM Bucuresti søndag. Då hadde Mørk nettopp kome tilbake etter ein langvarig korsbandskade.
Landslagssjefen vedgår at situasjonen er alvorleg, men peikar likevel på at landslaget har hatt problem også tidlegare.
– Vi må ikkje bli historielause. Vi har stått i mange krevjande situasjonar i dei åra eg har vore i nærleiken av dette laget, midt på 90-talet. Men det er klart at situasjonen er krevjande, med så mange toppspelarar ute.
– Men jobben for meg og mitt team er å sjå på dei som er tilgjengelege, og gjere dei klare for å spele eit VM for Noreg.
– Forferdeleg
– Det er heilt forferdeleg. Kva skal ein seie? Det går ikkje an å snakke om det utan å få tårer i augo eller frysningar oppetter ryggen, sa Camilla Herrem til NRK då handballforbundet markerte sesongstarten på Ullevaal tysdag.
Ho snakka med Mørk like etter skaden.
– Det var ikkje tid for å stille masse spørsmål. Ho tenkjer nok på det som det er. Før skaden sa ho at ho om sider kjende seg som seg sjølv igjen. Og så kom dette.
– Korleis taklar ho dette?
– Eg veit ikkje. Ho har takla det veldig bra alle dei andre gongane. Om ho verkeleg bestemmer seg for å kome tilbake, greier ho det. Men det er altså på 'an igjen, og det blir tungt.
– Ikkje enklare
Snart skal troppen til firelandsturneringa i Stavanger takast ut, 18–19 spelarar. VM i Japan tek til 30. november.
Herrem vedgår at VM blir vanskeleg utan så mange nøkkelspelarar.
– Tøft er det alltid med VM, men skadane gjer det ikkje enklare.
– Men det er framleis mange gode norske spelarar igjen på laget, og som har store føresetnader for å bidra og gjere ein god jobb. Eg er ikkje uroa over det, seier Reistad.
– Riv oss i hjartet
Mørk har vore plaga av skader ofte. No var ho i gang igjen, men så var uhellet ute på nytt. Truleg må ho gjennom sin niande kneoperasjon. MR-undersøkinga i Romania var ikkje lovande. No skal ho granskast også i Noreg.
– Ho skal truleg undersøkast onsdag. Torsdag føremiddag veit vi kor alvorleg det er, og kva det får av konsekvensar, seier landslagstrenar Thorir Hergeirsson.
– Det er forferdeleg trist, og det riv i hjartet på oss alle når nokon får ein slik stygg skade.
– Niande operasjon i kneet – kor mykje meir toler Nora sitt hovud no?
– Eg vil ikkje snakke om det no.