Alexander Kristoff låg godt plassert på oppløpet, og slo til med ein skikkeleg kraftspurt. I mål jubla han for siger, men midt under sigersintervjuet med TV 2 kom meldinga om at målfotoet viste at Peter Sagan klarte å presse sykkelen dei naudsynte millimetrane framfor Kristoff.
– Faen, sa Kristoff og slo i styret på sykkelen sin.
Ein tydeleg skuffa Kristoff stod mållaus i målområdet, medan journalistane flokka seg rundt han.
– Eg såg ikkje at han kom. Hadde eg kasta fram sykkelen min der hadde eg tatt han, seier Kristoff i eit intervju på engelsk.
Kristoff forklarar at han berre konsentrerte seg om å spurta det han hadde, og at målstreken kom overraskande på han.
– Det er surt. Det vil seg ikkje heilt i år dessverre. Eg følte at eg hadde det, seier Kristoff til NRK.
Dagens etappe var den siste for spurtarane, før den avsluttande etappen i Paris.
To nordmenn på «pallen»
Sondre Holst Enger imponerte alle og sikra seg til slutt tredjeplassen på etappen, rett bak Kristoff.
– Eg er kjempe nøgd. Det er heilt klart mitt høgdepunkt i karrieren, det å bli nummer tre på ein etappe i verdas største etapperitt. Eg er kjempe nøgd, seier Holst Enger.
Edvald Boasson Hagen vart til slutt nummer ni på etappen. Norges fjerde mann i Tour de France, Vegard Breen, prøvde seg i ei utbrytargruppe tidleg på etappen, men klarte aldri å komme seg opp til Tony Martin og Julian Alaphilippe som låg i dagens brot. Etixx-duoen vart innhenta med dryge to mil att til mål.