Sondre Holst Enger har ei vanskeleg oppgåve framfor seg. Han må velge det laget som gir han best vilkår for framtidig suksess. Det er noko han ikkje ser mørkt på.
– Det er tilbod der, so det ser lyst ut. Men no skal eg fokusere på dette rittet.
Stor interesse
Holst Enger er den yngste ryttaren i Tour de France-feltet, og har verkeleg markert seg so langt i Touren. Blant anna med to 6. plassar, har han vist at han er ein mann for framtida.
– Han er ein god ryttar. Han er den yngste i feltet, og gjer det bra. Slike er det ikkje mange av. Det er inga overrasking at han har gjort det bra i touren. Det seier agenten hans, Joona Laukka
Og agenten legg ikkje skjul på at det er mange som har lyst til å sikre seg signaturen til nordmannen.
– Me har konkrete tilbod frå tre forskjellige lag. Situasjonen er god. I løpet av dei kommande dagane kjem me til å gjere avgjerder. Me veit mykje meir om framtida hans i morgon og dagen etter det.
Advarar mot Edvald-lag
Eit av dei laga som skal ha vist interesse for Holst Enger er laget til Edvald Boasson Hagen, Dimension Data. Engers noverande sportsdirektør, Rik Verbrugghe advarar han mot å gå dit.
– I Dimension data har dei allereie Cavendish, og då blir han andrevalg som spurtar. Eg håpar å sjå han på eit lag som prioriterer han.
Agenten Joona Laukka seier at dei ikkje har bestemt seg for noko endå, og at det er viktig å ikkje forhaste seg.
– Det er viktig for karrieren hans å gjere det rette valet no. Mange lag er interesserte, men me må velge det laget som vil gi han mest sjansar.
Stolar på agenten
Holst Enger vil konsentrere seg om Tour de France, og vil ikkje bruke tid og krefter på å gjere eit val no. Han stolar på at agenten gjer den jobben.
– Eg lar han ta den jobben. Eg skal konsentrere meg om dette rittet. Ingenting er avklart,.
Han har likevel gjort seg opp ein tanke om kva som er viktig for han i sitt nye lag.
– Eg vil få sjanser og trivast i laget, det er det viktigaste.