– Det blir veldig gøy. Stabæk er ein klubb eg har veldig sterke kjensler for og fotballmessig er det ein stor mogelegheit for meg, seier Zara Jönsson til NRK.
Den 19 år gamle svensken spelte for Stabæk i seks år, frå ho var 4–5 år gamal og faren var trenar for herrelaget. Siste åra har ho spelt på nivå fire i Sverige for klubben Halmstad.
No har ho signert med Bærumsklubben ut 2020.
– Det er ei stor oppgåve for meg og kome inn i ein klubb på dette nivået. Eg håpar eg kan hjelpe til mykje offensivt i angrep og bidra med fart, seier Jönsson.
Gullskrift i historiebøkene
Og signeringa med dottera til den tidlegare trenaren i Stabæk er populært på Nadderud. Jönsson som sørga for seriegull i 2008 med klubben er nemleg ikkje gløymt.
– Ja, gjett. Namnet hans er jo skreve med gullskrift i historiebøkene våre, seier sportsleg leiar Richard Jansen.
Han seier laget har følgt 19-åringen i lang tid.
– Ho er eit talent og så har ho jo bra gener. Faren var jo også ein dyktig spelar og mora har også spelt fotball på høgt nivå i Sverige.
Botn av tabellen
Og Zara legg ikkje skjul på at faren, som i Norge trena både Stabæk, Rosenborg og Ålesund, har vore viktig for hennar eigen utvikling.
– Eg har aldri følt noko press frå faren min, men han har betydd veldig mykje for meg og skapt mange gode minner. Spesielt i Stabæk. Og så har han hjelpt meg mykje både på bana og utanfor.
No gler derimot dottera seg til å byte plass med faren på Nadderud.
– Det er ein veldig spesiell følelse å spele på bana der pappa har stått ein gong, og no er det han som er på tribunen, medan eg er utpå der og spelar.
Stabæk har derimot ikkje hatt den beste sesongopninga så langt i Toppserien. Laget ligg heilt sist på tabellen med eit poeng og eit mål. Det skremmer ikkje det svenske talentet.
– Det får bli ting man ikkje tenker så mykje på. Men det kan bli veldig spanande og kanskje hjelpe laget til å sikre ein plass til neste år også.