Tysse testa positivt på stoffet CERA, men seier han er uskuldig. No trur han
kampen for å bli reinvaska kan knekke økonomien.
- Det er fullt mogeleg at eg går konkurs. Men det er viktigare for meg å få fram
sanninga, og få bevist det eg har sagt heile vegen. Om eg går konkurs, har eg iallfall fått vist mitt reine samvit, seier han.
- Les:
- Les:
- Les:
Tener dårleg
Han lovar å køyre saka til sanninga kjem fram, og håpar økonoien rekk til det. Sjølv har han heilt sidan saka vart kjend tysdag, sagt heilt klart at han er uskuldig.
- Ein kappgjengar tener ikkje så mykje. Eg har sikkert ei mindre årsløn enn ein gjennomsnittleg butikkmedarbeidar. Eg har heller ikkje noko oppspart fond å ta av. Dette blir ei stor og hard belastnng for familien, seier Tysse til NRK.
Han set umåteleg stor pris på støtten han likevel har fått frå familien i denne vanskelege tida.
- Skaden kan ikkje reparerast
Saksbehandliga kan dra i langdrag og i mellomtida kan han tape både bonusar og sponsorinntekter. I tillegg kan han få store utgifter til advokatar. Dette kan gjere kvardagen hard, og advokat Gunnar Martin Kjenner stadefestar at situasjonen er alvorleg for 29-åringen.
- Den er veldig alvorleg. Han er medaljekandidat i EM som tek til om få dagar, og utestengelsen no kan ikkje reparerast. Det er uansett berre skadeleg både på kort og lang sikt, seier Kjenner til NRK.