– Når Antidoping Norge vekke deg kl. 0600 på ein konkurransedag, er det lett å bli litt oppgitt, skriv Ingebrigtsen på Twitter.
– Det er nok berre fordi han har lyst til å sove på den tida. Det ligg neppe meir i det enn det. Han er ikkje imot at dopingkontrollørane gjer jobben sin, seier Henriks far Gjert Ingebrigtsen til NRK.
Henrik Ingebrigtsen skal delta på ei engelsk mil under Bislett Games i kveld. Det skal også hans bror Filip, som også måtte gi frå seg ei tidleg prøve.
Kommunikasjonsleiar Halvor Byfuglien i Antidoping Norge kjenner ikkje til denne saka konkret.
– Men generelt kan vi kontrollere utøvarar når vi vil og kvar vi vil. Dei skal vere umelde og uføreseielege, seier Byfuglien til NRK.
- NRK sender Bislett Games frå kl. 17.50, og Henrik Ingebrigtsen skal springe 1500 m klokka 21.30.
Garantitime
Topputøvarar har også meldeplikt om kvar dei er til kvar tid.
– Dei skal gi opp ein såkalla garantitime dagleg der dei skal vere tilgjengelege. Om vi ikkje finn dei på oppgitt adresse til oppgitt tidspunkt, får dei ei åtvaring. Tre åtvaringar i løpet av eit år kan gi utestenging, seier Byfuglien.
– Vi kan sjølvsagt ta kontrollar på andre tidspunkt også. Men då gir det ikkje åtvaring om vi ikkje finn dei, legg han til.
Antidoping Norge tar rundt 3000 kontrollar i året. i tillegg kjem dei internasjonale kontrollane.
– Eg veit ikkje om det var vi eller IAAF (det internasjonale friidrettsforbundet) som tok akkurat denne testen, seier Byfuglien.