Dopingdømte russarar klare for VM i skiskyting: – Ikkje bra for sporten

Johannes Thingnes Bø om konkurrentens retur: – Eg blir ikkje glad når eg ser han på startstreken.

Aleksander Loginov

TILBAKE: Aleksander Loginov var suveren i EM førre helg. No er han klar for VM i Hochfilzen.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

I 2014 testa Aleksander Loginov og Irina Starykh positivt for EPO. No er årets EM-vinnarar tatt ut i Russlands VM-tropp.

Før uttaket var Johannes Thingnes Bø klar på at han ikkje ville sjå Aleksander Loginov (26) tilbake på startstreken.

– Han slo meg i eit par renn. Eg har ikkje så mykje til overs for han. Eg håper ikkje vi ser han med det første, sjølv om han har sona straffa si, sa Thingnes Bø på treningsleir i Seefeld, og la til:

– Det er kjedelig med doptatte folk som kjem tilbake og gjer det bra. Det er ikkje bra for sporten.

Tarjei Bø

OPPGITT: Johannes Thingnes Bø likar Loginovs retur dårleg.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Har pallplass i verdscupen

Loginov har konkurrert mykje mot Thingnes Bø. Russaren slo nordmannen mellom anna i junior-VM i 2013.

I 2013 tok Loginov sin einaste verdscup-pallplass under jaktstarten i Holmenkollen, bak Johannes Thingnes Bø og vinnar Martin Fourcade. Loginov blei nummer fem på sprinten same helg.

Sjølv om Thingnes Bø mislikar returen til Loginov, aksepterar han situasjonen.

– Det er ikkje eg som tar ut laget. Det er dumt, men så lenge dopingreglane er sånn har han sona straffa si. Vi kan ikkje stoppe han, men eg blir ikkje glad når eg ser han på startstreken.

Martin Fourcade

KRITISK: Martin Fourcade.

Foto: Andrea Solero / AP

– Fourcade er feig

Heller ikkje Emil Hegle Svendsen er nøgd.

– Han har sona straffa si, og det held vi oss til. Mange stussar nok over at han er tilbake og gjer det bra. Sjølv prøvar eg å beskytte meg sjølv med ikkje å fokusere på det. Ein blir irritert og sånn, men det må eg berre sjå forbi.

Stjerna Martin Fourcade reagerer også på returen til Loginov.

– Gløym ikkje dei viktigaste merittane hans. Han vart utestengd i år for bruk av EPO, skreiv Fourcade i ein biletekommentar på Instagram der uttaket vart offentliggjort.

Kommentaren vart seinare fjerna.

Fleire russarar reagerer på kritikken.

– Kanskje fryktar Fourcade konkurranse. Han er ein feiging, seier til dømes tidligare OL-meister Jevgenij Redkin til nettstaden Sports.ru.

– Loginov har sona straffa sin og dermed er saka avgjort, seier Anfisa Reztsova. Ho har tre OL-gull og oppmoar alle russiske trenarar, funksjonærar og utøvarar til å støtte Loginov.

Comeback i november

Loginov gjorde comeback i IBU-cupen i november. I EM førre helg tok han to individuelle gull.

Under verdscuphelga i Anterselva i januar sa presidenten i det internasjonale skiskytarforbundet (IBU), Anders Besseberg, at Loginov og Irina Starykh hadde sona sine dommar og kunne konkurrere i VM utan problem.

Det synet deler visestatsminister i Russland Vitalij Mutko.

– Ifølgje WADA-koden er det ikkje noko i vegen for å kome tilbake i idretten etter ei utestenging, seier han til nyhetsbyrået Interfax.

Denne vinteren har fleire av verdas beste skiskyttarar krevd at straffa for dopingjuks skal utvidast i opptil åtte år. Like før VM skal kongressen i IBU vurdere ei regelendring.

Siste nytt

  • Sikter på rekord i håndball-EM

    Spillestedene i håndball-EM for menn i 2024 i Tyskland er klare. Arrangøren satser på 50.000 tilskuere under åpningskampen i Düsseldorf.

    – Vi planlegger å åpne med en kamp på et fotballstadion der vi forsøker oss på verdensrekorden i antall tilskuere på en håndballkamp, sier Mark Schober.

    Han er styreleder i det tyske håndballforbundet. Målet er vel 50.000 tilskuere 10. januar med Tyskland på banen. (NTB)

    VM Håndball 2019 menn. Norge - Tyskland. 31-25.
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Berit Kjøll blir styremedlem i EOC

    Idrettspresident Berit Kjøll ble torsdag valgt inn i styret til Europas Olympiske Komité (EOC).

    Valget ble gjennomført under EOCs generalforsamling i Aten. Presidenten i Norges idrettsforbund er valgt for perioden 2021 til 2025, ifølge en pressemelding.

    Grekeren Spyros Capralos vant kampen om å bli EOCs nye president i duell med Danmarks Niels Nygaard. (NTB)

    Pressetreff og verdenscup-arrangementer
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Llorente med negative koronatester

    Spanias EM-uttatte fotballspiller Diego Llorente har avlagt to negative koronaprøver bare noen dager etter at han testet positivt.

    Det opplyser nyhetsbyrået AFP og avisen Marca. Dermed er det sannsynlig at Llorente reiser med den spanske troppen til Sevilla og forberedelser til kampen mot Sverige mandag.

    Sergio Busquets testet også positivt for noen dager siden.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dan Mullan / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal