"Vi ønskjer å vite i kva grad dopingbruk for den enkelte kan seiast å vere eit problem for den enkelte sjølv eller for samfunnet", skriv Justisdepartementet i eit brev til Kulturdepartementet og Sosialdepartementet.
"Særleg er vi interesserte i eventuell dokumentasjon på samanhengen mellom bruk av dopingmidlar og valdskriminalitet", heiter det i brevet.
Informasjonssjef Bjørn Talen i Justisdepartementet seier til Dagbladet at dei førebels ikkje vil kommentere ein eventuell utviding av dopingparagrafen i straffelova. Svarfristen er 12.januar.
Sidan 1993 har det vore ulovleg å smugle, oppbevare og selje dopingmiddel.