Hopp til innhold

Antidopingarbeidet i OL får strykkarakter: – Heile systemet kunne kollapsa

Antidopingarbeidet under Rio-OL hadde fleire og svært alvorlege feil og manglar, går det fram av ein WADA-rapport.

Dopinglab i Brasil

KONTROLLSVIKT: Dopinglaboratoriet i Rio får skryt, men logistikken rundt innsamling av prøvene i OL står til stryk, ifølgje WADA-rapporten

Foto: Felipe Dana / Ap

– Hadde ikkje nokre av nøkkelpersonellet blant kontrollørane gjort mykje meir enn det ein kunne forlange av dei, hadde heile antidopingsystemet kollapsa under OL, skriv observatørane i rapporten som blei offentleggjort i går.

Rapporten frå Independent Observers avdekkjer mange feil ved prøvene som var tekne i OL i august.

Til sjuande og sist var det berre på grunn av enorm kapasitet og godvilje av nokre av nøkkelpersonellet blant dopingkontrollørane som gjorde at antidopingarbeidet ikkje braut fullstendig saman.

Independent Observer, kontrollgruppe

Dårleg planlegging, store transportproblem og altfor få opplærte kontrollørar var nokre av dei sentrale årsakene til svikten i antidopingarbeidet, heiter det i rapporten.

Dessutan var butilhøva for kontrollørane svært dårlege. Ein av dei måtte byte hotell heile fem gonger. Og ofte hadde både kontrollørar og laboratoriepersonell problem med å få tak i mat.

– Mykje av dette var lett å føresjå og kunne vore unngått, skriv observatørane.

Utøvarane var søkk vekk

Andre grunnar var konfliktar mellom lokale arrangørar og Brasils antidopingkomite.

Mellom anna skal det svært ofte ha skjedd at utøvarar som dopingkontrollørane skulle teste, rett og slett var borte. Derfor måtte kontrollørane spørje leiarane, og på den måten kunne utøvarane bli varsla før kontrollane.

– Ofte vart mindre enn 50 prosent av dei planlagde testane gjennomførte, heiter det i rapporten frå observatørgruppa, som var invitert av IOC for å overvake antidopingarbeidet.

Gruppa var leia av britiske Jonathan Taylor, og hadde som føremål å auke tilliten til antidopingarbeidet blant utøvarar og publikum, og til å gi grunlag for forbetringar.

– Undergrev tilliten til antidopingarbeidet

Rapporten avdekkjer mange manglar:

  • Nesten 100 prøver blei aldri knytta opp til ein utøvar på grunn av dataproblem.
  • Ei sakna prøve blei ikkje funne før to veker etter OL
  • Det svært få eller ingen blodprøver etter fleire idrettar som er rekna som risikofylte, som til dømes vektløfting.
  • Det blei ikkje teke ei einaste prøve av fotballspelarar utanom kampane.
  • Så seint som 8. august, tre dagar etter OL-opninga, var det opplysningar om berre 4795 av utøvarane i databasen for Rio-OLs antidoping. Det deltok 11.303 utøvarar totalt.

– Dette undergrev respekten og tilliten utøvarane må ha til antidopingprogrammet, og det gir erfarne og skruppellause utøvarar sjanse til å omgå og manipulere dopingkontrollane, heiter det i den 55 sider lange rapporten.

– Resultatet av svikten var at ein ikkje makta å utnytte heile kapasiteten i antidoping-opplegget. Det er skuffande, for det beste utstyret og dei beste ekspertane til å analysere prøvene var tilgjengeleg, skriv observatørgruppa.

Laboratoriet får ros

For rapporten gir ros til analyselaboratoriet i Rio. Dette vart suspendert berre seks veker før OL, men brukte tida til å oppgradere seg til topp standard.

15 dagar før opninga fekk laboratoriet autorisasjonen tilbake, og deretter fekk det toppkarakter.

– Under OL var det topp utstyrt, og arbeidet blei gjennomført svært sikkert og effektivt, heiter det i rapporten.

Tala frå OL viste dessutan at av dei over 11.300 utøvarane var 4125 – meir enn ein tredel – aldri dopingtesta tidlegare i 2016.

Siste nytt

  • Dale og Nygaard på tribunen mot Angola

    Norge spiller sin første kamp i hovedrunden mot Angola onsdag kveld. Det blir med linjespiller Kari Brattset Dale og keeper Olivia Lykke Nygaard på tribunen.

    Dermed er det Katrine Lunde og Silje Solberg-Østhassel som blir Norges keeperduo i kampen. Det er første gang de to begge er i kamptroppen i årets VM.

    Kampen starter 20.30 og du kan høre den direkte på NRK Sport.

    Kari Brattset Dale
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Jakten på landslagssjef: – Vi er godt i gang

    Leif Gunnar Smerud ledet tirsdag Norges kvinnelandslag i fotball for siste gang som midlertidig landslagssjef. Nå jobber Norges Fotballforbund (NFF) for å finne en fast løsning.

    – Vi er godt i gang med arbeidet med å rekruttere landslagssjef for A-kvinner, sier Karl-Petter Løken, generalsekretær i NFF, til NRK.

    Han forteller at det er satt ned et ansettelsesutvalg som skal ledes av Lise Klaveness. Resten av utvalget består av visepresidentene Ane Guro Skaare-Rekdal, Arne Larsen Økland, styremedlem Leon Aurdal og Løken selv.

    Generalsekstræren sier at de ikke har vært i kontakt med konkrete kandidater enda, da de har hatt fullt fokus på de viktige kampene mot Portugal og Østerrike den siste uken.

    – Vi ønsker komme i mål så raskt som mulig, men vi vil likevel bruke den tiden som behøves for å lande en god langsiktig løsning. Vi kommer ikke til å kommentere noe om konkrete kandidater eller gi ytterligere detaljer om rekrutteringsarbeidet før vi er i mål, sier han.

    Fotballpresident Lise Klaveness og generalsekretær Karl-Petter Løken på Ullevaal Stadion for å snakke om aktuelle saker fra forbundsstyret i Norges Fotballforbund.
    Foto: NTB
  • Uefa nedsetter ekspertpanel – skal utrede kneskader hos kvinner

    De siste årene har kvinnefotballen slitt stort med alvorlige kneskader. Det europeiske fotballforbundet (Uefa) henter inn eksperter i jakten på svar.

    Ekspertpanelet har utformet et spørreskjema som nå går ut til klubbene. Der skal de innhente informasjon før de går i gang med jobben.

    – Å adressere den hyppige forekomsten av korsbåndsskader i kvinnefotball er avgjørende for utøvernes helse og for å fremme sporten, sier Zoran Bahtijarevic.

    Han er leder for den medisinske avdelingen i Uefa.

    Nylig ble landslagsprofil Mimmi Löfwenius korsbåndsskadd. Vålerenga-spilleren er ventet å miste ett helt år med fotball. Også i fjor var 29-åringen ute med en lignende skade.

    Flere spillere, blant andre England-stjernene Leah Williamson og Beth Mead, gikk glipp av verdensmesterskapet for kvinner tidligere i år på grunn av alvorlige kneskader.

    Utpekingen av et ekspertpanel er en del av en større kampanje knyttet til bevisstgjøring av korsbåndsskader i kvinnefotballen. Den skal starte til sommeren neste år. (NTB)

    Löfwenius nede med skade under cupfinalen i fotball mellom Rosenborg og Vålerenga på Ullevaal stadion.
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal