Doping-gransking etter Touren

Etterforskarar har opna innleiande doping-gransking av eitt av laga i Tour de France, melder nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje meldinga blei det oppdaga «mange helseprodukt som inneheldt ulovlege midlar», og «metodar som kan kvalifisere seg som doping».

Ei kjelde nær granskarane seier til AFP at det skal dreie seg om laget Arkea-Samsic. Nettstaden cyclingweekly.com melder at romma til brørne Nairo og Dayer Quintana og Winner Anacona blei undersøkt av politiet på lagets hotell i Meribel sist onsdag.

Arkea-Samsic har enno ikkje kommentert meldingane.

Årets Tour de France blei avslutta i går.

Sportsnyheter

Historiske Salah ydmyket Solskjær: – Mørkeste dagen jeg har hatt

En Mohamed Salah i storform og et gavmildt Manchester United-forsvar gjorde at Liverpool kjørte over de «røde djevlene» på bortebane. Da svarte hjemmefansen med å bue på Solskjær og forlate stadion tidlig.

Siste nytt

  • Lindseth hat trick for Sarpsborg

    Jonathan Lindset storspelte for Sarpsborg mot medaljejagande Kristiansund i Eliteserien.

    Han gav seg ikkje før han hadde sikra seg eit hat trick, då han skåra alle Sarpsborgs mål i kampen som enda 3–1.

    Det var den første bortesigeren i serien for Sarpsborg sidan dei slo Rosenborg på Lerkendal 20. juni.

    Lindseth
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / Svein Ove Ekornesvåg
  • Tromsø vann botnkampen

    Eric Kitolano skåra kampens einaste mål i botnkampen mellom Tromsø og Mjøndalen søndag, i ein kamp Tromsø dominerte.

    Det tok nesten 80 minutt før Mjøndalen noterte seg for sitt første ordentlege forsøk på ein avslutning, då Kent Håvard Eriksen heada eit innlegg like over mål.

    Dermed står Tromsø med 25 poeng etter 23 kampar, og ligg på ein 13.-plass, fem poeng framfor Brann på kvalifiseringsplassen i Eliteserien, med ein kamp meir spela.

    Eric kitolano
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
  • Rosenborg cruisa til siger

    Sandefjord fekk det blytungt mot Rosenborg på Lerkendal søndag. Allereie etter 20 minutt leda Rosenborg 3–0 etter to mål frå Carlo Holse og eitt frå Stefano Vecchia.

    I andre omgang skåra Dino Islamovic og Alexander Ruud Tveter eitt mål kvar, i kampen som enda 4–1 til Rosenborg.

    Rosenborg
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal