Det er Norstat som har gjort meiningsmålinga for NRK. Ho blei gjennomført onsdag og torsdag, det vil seie at enkelte svar blei gitt før Johaugs-saka sprakk torsdag.
På spørsmålet «trur du norske langrennsløparar har dopa seg», svarar 24 prosent ja. Det er nesten ein av fire nordmenn.
Meiningsmålinga inneheld også spørsmålet om i kva grad nordmenn har tillit til Norges skiforbund. 55 prosent svarar middels, liten eller svært liten – altså over halvparten av dei spurde.
– Prøver å villeie
– Tilliten til skiforbundet har fått nådestøyten etter at begeret eigentleg var fullt forlengst, sa VGs kommentator Leif Welhaven i Sportsrevyen søndag kveld.
Han ser også tilbake på handteringa av Martin Johnsrud Sundbys astmasak i sommar.
– Dei prøver å villeie det norske folk om sentrale spørsmål i denne dommen. Dei kalla inn til pressekonferanse på 55 minutts varsel om ei sak dei hadde kjent til i eitt og eit halvt år, seier Welhaven.
Tidlegare toppidrettssjef Bjørge Stensbøl sluttar seg til kritikken.
– Alle ser at astmasaka har vore handtert til stryk. Det er synd, fordi det gir omdømmemessige konsekvensar for idretten generelt, sa Stensbøl onsdag.
Dagen etter eksploderte Johaug-saka.
– Tilliten er riven vekk
Welhaven meiner omdømmesvikten er kritisk.
– Eg trudde botnen var nådd, men denne gongen var det endå verre. Summen er at tilliten til norsk skisport er riven vekk, og det er umogeleg å sjå for seg korleis han skal kunne gjenopprettast i oversiktleg framtid. Det er alvorleg for nasjonalsporten vår, og det kan gå mot ei skilsmisse med det norske folk, seier Welhaven.
Generalsekretær Stein Opsal møtte kritikken i Sportsrevyen i dag.
– Eg håpar verkeleg ikkje det går mot skilsmisse. Men at omdømmet vårt har fått ein knekk, er det ingen tvil om.
– Prøver de å villeie det norske folk?
– Det forstår eg ikkje kan vere rett. Det er kompliserte saker, spesielt Sundby-saka, og det gjer vi vårt beste for å få fram.
– Vil ha alt på bordet
– De seier at reglane er uklare, og WADA seier dei er klare. Er ikkje det å villeie?
– Nei, det kjenner eg ikkje igjen. Vi har prøvd å få fram fakta. Vi skal ikkje ha gråsoner eller ukultur i norsk skiidrett, seier Opsal.
– Vi skal ha alt på bordet, det er berre slik vi kan gjenvinne tilliten.
Ikkje minst utanfor Norges grenser trengst det jobb for å gjenreise tilliten. NRK-kommentator Torgeir Bjørn opplever det slik:
– I Norge seier folk til meg at det er eit hendeleg uhell. Men gjennom internasjonale kontakter forstår eg at det nok er ei endring i stemninga. Før har det vore respekt for både resultata og verdiane norsk langrenn står for. No er det erstatta med skepsis, dei lurer litt på kva som eigentleg foregår i Norge, seier Torgeir Bjørn.