Domratsjeva vant, svart for Norge

Daria Domratsjeva vinner dagens sprint foran Kaisa Mäkäräinen og Laura Dahlmeier. Norge får ingen løpere blant de 20 beste.

Sportsnyheter

Sommer-OL i Tokyo 2021

Sølvvinneren rennes ned av meldinger – Rodal måtte felle en tåre

TOKYO/OSLO (NRK): Sleggekaster Eivind Henriksens OL-sølv rørte mange. Én av dem var friidrettslegenden Vebjørn Rodal.

Siste nytt

  • Australia rysta USA-stjernene

    USA sleit lenge med Australia i semifinalen i basket, men kom sterkt mot slutten og vann så klart som 97-78. Kevin Durant blei toppscorar med 23 poeng.

    Australia opna sterkt og leia ein perode med 15 poeng. Etter første kvarter stod det 24-18 til Australia. Ved halvtid hadde USA redusert forspranget til 45-42.

    Men andre del av kampen blei ein amerikansk maktdemonstrasjon. Spesielt i tredje kvarter, der dei vann med 32-10, og avgjorde kampen.

    Finalemotstandar blir enten Frankrike eller Slovenia, som spelar sin semifinale seinare i dag.

    USA har teke basketgullet i seks av dei siste sju olympiske leikane. Berre i Athen i 2004 snubla dei.

    Totalt har USA teke gullet i 15 av dei 19 olympiske basketballturneringane som er avvikla. Berre Argentina (2004) og dei no oppløyste nasjonane Sovjetunionen (1988 og 1972) og Jugoslavia (1980) har brote sigersrekkja.

    Zachary Lavine, USA
    Foto: Aris Messinis / AFP
  • Carringtons tredje gull

    Lisa Carrington (32) frå New Zealand tok sitt tredje padlegull i Tokyo-OL med siger på K1 500 meter.

    Carrington var suveren. Ungarske Tamara Csipes tok sølvet, over eit halvt sekund etter. Den danske bronsevinnaren Emma Aastrand Jørgensen var meir enn halvtanna sekund bak.

    Carrington tok gull både på K1 200 meter og K2 500 meter tysdag. Laurdag har ho gullsjanse også i K4 500 meter.

    Carrington har dominert K1 200 meter i årevis, med sju VM-gull på rad og OL-gull både i London og Rio. Men i år har ho herja i fleire båtklasser.

    Med fem gull og ein bronse er ho den mestvinnande OL-utøvaren frå New Zealand.

    Lisa Carrington
    Foto: Kirsty Wigglesworth / AP
  • Roe løfta seg ein plass

    Med 4,80 i stav løfta Martin Roe seg frå 20. til 19.-plass i tikampen etter åtte øvingar.

    Han tok 4,60 og 4,70 i første forsøk, men måtte bruke alle tre på 4,80. På 4,90 reiv han på alle tre.

    To øvingar står att - spyd og 1500 meter.

    Martin Roe
    Foto: Aleksandra Szmigiel / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal