– Det var inga pen takling. Det kan godt hende eg burde vore utvist, sa Fredrik Carlsen sjølv til NRK når han er på veg til å be Sakor om orsaking.
Aalesund-spelaren slapp med gult, men taklinga var stygg. Vålerenga-spelaren vart liggande og måtte hjelpast av bana.
– Eg fekk gult, og det må eg seie eg var heldig med.
Vedgår feil
Dommar Ken Henry Johnsen vedgjekk etter kampen at han hadde gjort feil.
– Det skal vere raudt kort. Eg skulle gjerne hatt sjansen til å gjere det om att, men det har eg ikkje, seier han.
– Men der og då oppfatta eg ikkje at det var eit raudt kort. Eg fekk ikkje med meg at det var så grovt. Stort meir enn det kan eg ikkje seie. Og eg må godta kritikken som kjem, sa dommaren til pressa etter kampen.
Han hadde ikkje sett situasjonen sjølv, men dommarteamet hadde evaluert kampen i garderoben. Og konklusjonen var klar.
– Skal vere raudt
– Det der skal vere raudt kort. Det skal ein dommar, linjedommarane og fjerdedommaren få med seg, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal til NRK.
– Men feil skjer. Vi gjer feil både spelarar og trenarar og. Eg er sikker på at når Ken Henry får sjå denne situasjonen i etterkant, kjem han også til å vedgå at det skulle vore raudt. Det får vere greitt, vi får ikkje gjort noko med det no.
– Kjem du til å ta dette opp med dommaren etterpå?
– Nei, vi må berre køyre vidare. Det er ingen som går inn for å skade spelarar med vilje. Han bomma litt, og så blei det stygt, seier Rekdal.