Orda kjem frå Tom Fordyce, rugby-kommentator i BBC. Bakgrunnen er det pågåande rugby-VM i England, der alle fire semifinalistane kjem frå den sørlege halvkule. Alle frå den nordlege delen av kloden er slått ut.
– Nei, så ille som døden er det ikkje. Det er små marginar som har slått feil veg for Europa, seier Christopher Spencer til NRK. Han er visepresident i Norges Rugbyforbund, og er sjølv på plass saman med sin son i England for å få med seg semifinalene.
– Vi gler oss veldig, seier han.
Dette er semifinalene:
Sør-Afrika - New Zealand laurdag kl 17.00
Argentina - Australia sønmdag kl 17.00
– Ikkje lenger nok å vere stor og tung
Noko slikt har aldri skjedd før. Wales, Irland, Skottland og Frankrike tapte i kvartfinalene, og England rauk ut allereie i gruppespelet. Det er også unikt – aldri før har ein arrangør blitt slått ut så tidleg.
– Det er synd, men det er på ingen måte døden for rugbyen her nord, seier Spencer.
– Laga på den sørlege halvkula er best akkurat no. Dei har treft med taktikken, og dei er litt betre ballbehandlarar. Det har vore jamnt, og Europa har ikkje hatt marginane med seg. Men det er forhåpentleg motiverande for laga, seier Christopher Spencer – engelskmann og tidlegare aktiv rugbyspelar.
– Dei beste laga har funne balansen mellom god ballbehandling og god fysikk. For ein del år sidan heldt det med å vere stor og tung, det er ikkje nok lenger, seier han.
Over to millionar på tribunene
SKANDALEN: Snakkisen etter kvartfinalene var ikkje at dommar Craig Jaubert dømde ein kontroversiell straffe for Australia i siste minutt mot Skottland, som tapte med eitt poeng. Det som vekte oppsikt, var at Rugby World offentleg sa etterpå at straffen ikkje burde vore dømd. Her markerer Jaubert den fatale straffen
Foto: Eddie Keogh / ReutersTrass i at europeiske lag ikkje lenger er med, er publkumstalet i årets VM godt. Dei fire kvartfinalene blei sett av 300.000 tilskodarar, og det samla publikumstalet er kome opp i over to millionar på 44 kampar.
– Det er ei heilt fantastisk stemning her, og det har det vore heile tida. Det er rift om billettane sjølv om ingen av dei britiske laga er med lenger, seier Elisabeth Berentzen til NRK. Ho er generalsekretær i forbundet, og for andre helg på rad over for å følgje VM.
– Eg har fått billettar til Sør-Afrika - New Zealand, seier ho.
Sju av 20 lag i årets VM er frå Europa. I tillegg til England, Skottland, Irland og Frankrike er det Italia, Georgia og Romania, som blie slått ut i gruppespelet.
Finalen går laurdag 31. oktober.
PS: Norge er langt unna VM-deltaking i rugby. Kvalifiseringa til VM går ut frå verdsrankinga, og der er Norge nummer 86 av 102 land.