– Det smakar fantastisk godt. Denne sigeren betyr ekstra mykje, seier ein svært glad Kjetil Jansrud til NRK.
Kombinasjonen i Wengen er ein av dei store klassikarane. Ein klassikar ingen nordmann har vunne sidan Kjetil Andre Aamodt vann i 2003.
Godt å få tilbake ryggmargskjensla
Derfor smaka sesongens andre verdscupsiger ekstra godt for 30-åringen.
– Det er ein klassikar som heng veldig høgt. Eg har vore veldig nærme i kombien før, men har faktisk aldri vore på pallen i super-kombi. Det er godt å kjenne at eg framleis har litt av den gamle ryggmargskjensla i dei tekniske disiplinane, gliser Jansrud.
Berre fire hundredelar var Jansrud framfor lagkamerat Aksel Lund Svindal i mål. Han hadde ikkje forventa ein ny dobbeltsiger akkurat i dag.
– Det her var ein skikkeleg kul bonus-dag. At me tek dobbelt-norsk i kombien er veldig gledeleg, seier Svindal.
Tangering av verdscuprekord
Kommentator Andreas Toft kunne konstatere at vinteren berre blir større og større.
– Det er ein gullalder me aldri har sett makan til, seier kommentator Andreas Toft.
For dei norske gutta har nå vunne ti gonger til nå i verdscupen, fordelt på Kjetil Jansrud, Aksel Lund Svindal og Henrik Kristoffersen. I tillegg har Nina Løseth ein siger på kvinnesida. Det er tangering av tidenes beste sesong for norsk alpinsport i verdscupen frå sesongen 1998/1999 da Norge også vann elleve verdscupsigrar.
– Kjetil Jansrud tek den 11 sigeren for i år. Aldri før har det norske laget vore råare og sterkare. Det er heilt vanvittig det som skjer her nå. Tidenes sesong er tangert allereie i januar, ropar Toft frå boksen.
Norge hadde hatt heile ti verdscupsigrar før i dag. Etter utfordelen leia Aksel Lund Svindal, med Kjetil Jansrud på tredjeplass. Aleksander Aamodt Kilde var nummer sju etter utfordelen, men køyrde ut etter tre portar i slalåmen.
Det var også Jansrud redd for i målhenget rett før mål. Både pallplass og sigeren kunne har ryke da han fekk ein hekt i ein av dei siste portane.
– At eg skulle få eit så stort kast der var litt overraskande, men det var berre å bite seg fast og finne flyten igjen. Men etter ein såpass grov feil og forventa eg eigentleg ein sånn femte eller sjetteplass.
Det blei det ikkje. Kjetil Jansrud vann sin 12 verdscupsiger, med Aksel Lund Svindal på andre og Adrien Theaux på tredjeplass.