Hopp til innhold

Irritert svenske rasar etter utydeleg kommunikasjon: – Det brestar

Calle Halfvarsson mista pallplassen etter disk, i det som blei Johannes Høsflot Klæbos store dag i Ruka. No reagerer svensken etter det han kallar svak kommunikasjon frå juryen.

Calle Halfvarsson etter disk i Ruka

SINT: Svenske Calle Halfvarsson etter disk på 20 kilometer jaktstart i Ruka.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Calle Halfvarsson tok nemleg den siste pallplassen etter Klæbo og Pål Golberg, men så oppdaga juryen at svensken hadde tatt steget utanfor løypa.

Det er ikkje lov å gå utanfor løypa, men den beskjeden hevdar Halvarsson at han ikkje hadde fått. No meiner han at Fis ikkje vil han noko vel.

– Det hadde vore ei fin helg om det ikkje hadde vore for disken. No tok dei frå meg pallplassen. Dei ville vel ha ein italienar på pallen, seier han til NRK.

– Kva meiner du med det?

– Eg antek at dei heller ville ha ein italienar på pallen fordi vi svenske og norske øydelegg sporten deira, seier han tydeleg irritert og forlèt stadion.

Renndirektør Michal Lamplot avfeiar kritikken.

– Juryen er eit nøytralt organ. Medlemma er frå ulike nasjonar, og juryens oppgåve er å sørgje for trygge og rettferdige konkurransar. Utøvarane sin nasjonalitet er ikkje relevant når juryen tek avgjerder, seier Lamplot til NRK.

– Brestar i kommunikasjonen

Før Halvarsson gjekk sin veg, forklarte han meir utdjupande om situasjonen.

Han meiner at juryen i Det internasjonale Skiforbundet (Fis) har vore utydelege i kommunikasjonen før start.

– Vi fekk beskjed i dag tidleg at det ikkje var lov å passere granbarane på vegen i utforkøyringa. Og det seier seg sjølv, for då tek ein innersving, og det er juks. Men på vegen opp tykkjer eg det må vere lov å ha skia utanfor så lenge ein held ein ski innanfor traseen. Det har vore lov tidlegare, seier Halvarsson.

Verdenscup i nordiske grener i Ruka

SKUFFA: Halfvarsson.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Han legg til:

– Eg tek ingen innersving, eg går ein lengre sving enn alle andre. Og eg er framleis innanfor med skia heile i dag, og det har vore lov før. Eg veit ikkje kvifor det var slik no.

Han tykkjer at Fis kunne ha vore tydelegare i kommunikasjonen.

– Det brestar i kommunikasjonen. Eg tykkjer dei har vore utydelege overfor trenarane våre. Dei skreiv det berre var ulovleg i utforkøyringa, og då tolkar eg det som om det berre er i utforbakkane eg ikkje får passere. Hadde eg visst om det, hadde eg halde meg på innsida og staka forbi, seier han.

Sveriges landslagssjef, Anders Byström, let seg ikkje påverke av diskvalifiseringa.

– Det er berre på papiret det ikkje er ein pallplass, seier Byström til NRK.

Forstår frustrasjonen

Italienske Federico Pellegrino let seg ikkje påverke av kritikken til Halfvarsson, og forstår at han er frustrert.

– Om du ser dei siste ti åra, så er det ikkje mange herrar på pallen. Svenske kvinner, ja, men svenske herrar: Nei. Sjølv i VM eller OL har eg ikkje sett han på palle framfor meg, svarar Pellegrino på kritikken.

Han held fram:

– Eg kan skjønne at det er ein frustrerande situasjon for han. Eg har vore der sjølv mange gonger, og eg veit at neste helg blir det vanskelegare å slå han, seier Pellegrino.

– Er det riktig at han blei diska?

– Eg tenkjer at det er reglar. Det viktigaste vi kan lære dei yngre er at det er reglar sjølv for idrettar. Reglane ute i samfunnet er viktigare, men i dag handla det om å vere smart i dei riktige augeblikka. Klæbo blei ikkje diska, og heller ikkje Golberg. Dei var i front på dei riktige augeblikka, seier Pellegrino.

Pellegrino

GLAD: Federico Pellegrino.

Foto: Fredrik Tombra / NRK

Skeptisk

Det som det ikkje var noko tvil om, var at Johannes Høsflot Klæbo vann sjølve rennet. Ekspertane er forbausa over kor kontrollert og stabil trønderen har vore i opninga av sesongen, og no trur dei at han kan vinne alle renn han stiller i.

– Fem renn har han gått, og han har vunne alle fem. Mitt spørsmål er: Kan han vinne alle verdscuprenn han går denne vinteren? Eg utelukkar ikkje det, sa Bjørn.

Då NRK spurde andre løparar om det same, rynka spesielt Simen Hegstad Krüger på nasen.

Verdenscup i nordiske grener i Ruka

UEINIG: Krüger trur ikkje at Klæbo kan avslutte sesongen utan tap.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Er det mogleg å slå Klæbo i den forma han er i dag?

– Ja, det trur eg er mogleg. Johannes er ekstremt god på den plassen her og. Der det ikkje passar så bra for meg, så passar det desto betre for han. Eg veit at vi er andre som kan vinne skirenn, og eg har trua på at vi kan få ein ny vinnar på fredag og forhåpentlegvis ein frå distanselaget, seier Krüger til NRK.

Britiske Andrew Musgrave trur det vil vere vanskeleg for Klæbo å vinne alt, men han påpeiker at ingenting er umogleg.

– Då blir eg imponert. Han er best på alt om dagen, men det skal mykje til å halde ein så god form heile sesongen. Men umogleg er det nok ikkje, han ser jo heilt latterleg sterk ut no. Det er ingenting vi får gjort med han akkurat no, seier Musgrave til NRK.

Verdenscup i nordiske grener i Ruka

KJEMPA: Andrew Musgrave var lenge i tet, men avslutta som nummer sju.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Går for gul trøye

Klæbo fortel sjølv at han ikkje har tenkt noko over om han kan vinne kvart renn han stiller opp i.

– Vi får berre ta ei helg av gongen, og så får dei såkalla ekspertane diskutere seg i mellom, seier Klæbo til NRK.

Verdenscup i nordiske grener i Ruka

KONTROLLERT: Johannes Høsflot Klæbo i dei finske skogar.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Men kan du det? Vinne seks gull og alt du stiller opp i?

– Eg har ikkje tenkt noko på det. Eg har eit mål om VM, og der skal eg gjere det eg kan for å vere med å kjempe. Fram til då er det verdscupen som gjeld, seier han.

Neste plan på agendaen er å ha nokre rolege dagar heime, før han startar planlegginga inn mot verdscupen på Lillehammer.

Ein ting han er sikker på, er at han skal gå for den gule trøya, men at det ikkje blir lett.

– Ein gjer jo alltid det. Men eg tek ei helg av gangen. Om du skal vinne verdscupen samanlagt, så må du gå skirenn. Det hjelp ikkje å vinne her og der, ein må vere der oppe på alle skirenn. Og ser du på Pål, for eksempel, så er det nesten ingenting som skil oss i verdscupen heller. Det blir spennande, avsluttar han.

Les også Klæbo og Northug sensurert i russiske medier: – Absurd

Johannes Høsflot Klæbo og Petter Northug ble sensurert i russiske medier

Sportsnyheter

Scenene før skrekkstraffen vekker oppsikt: – Ufattelige bilder

Ballen var søkk borte da Bernardo Silva skulle ta straffe mot Real Madrid. Eksperter mener den lange ventetiden kan ha vært avgjørende for storlaget.

Siste nytt

  • Fyllingen cruiset inn til sin første kongepokal

    Fyllingen tok sin første NM-tittel i basketball da Bærum ble slått 104-94 i den tredje finalekampen. Laget tok også hjem kongepokalen.

    Fyllingen var overlegne i begge de to første finalekampene mot det unge Bærum-laget. Torsdag ble det jevnere.

    Etter en sluttspurt inn mot pause klarte Bærum å ta seg til 47-56, men de klarte ikke å tvinge fram en fjerde NM-finale på hjemmebane. På det minste var avstanden seks poeng opp med tre minutter igjen av kampen.

    Fyllingens beste poengplukkere ble Isaac Likekele og Terell Jordan Brown. Begge stoppet på 26 poeng.

    Ludvik Mürer Bergseng ble Bærums beste poengplukker (26).

    Fyllingen vant serien klart og var klare favoritter i kampen om kongepokalen. (NTB)

  • Norges håndballkvinner møter vertsnasjonen i tidenes største EM

    Norge havnet i gruppe med arrangørland Østerrike, Slovenia og Slovakia da trekningen for årets kvinne-EM i håndball ble gjort torsdag.

    Norge er tittelforsvarer når mesterskapet spilles i Østerrike, Ungarn og Sveits. Laget spiller sine innledende kamper i gruppe E i Innsbruck og får en overkommelig vei til hovedrunden.

    EM-sluttspillet varer i perioden 28. november til 15. desember. Antall deltakere økes fra 16 til 24 nasjoner.

    Fra hver av de seks innledende puljene går de to beste videre til hovedrunden. Man tar med seg eventuelle poeng fra kampen mot det andre laget som avanserer fra samme gruppe.

    Hovedrundekampene er lagt til Debrecen og Wien, mens semifinaler, bronsekamp og finale spilles i Wien.

    Norge har vunnet håndball-EM for kvinner hele ni ganger. Det første gullet kom i 1998. (NTB)

    Silje Solberg-Østhassel i aksjon mot Slovenia i VM
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • KFUMs opprykkshelt forlenget til 2026

    Remi-André Svindland (26) har skrevet under en ny kontrakt med KFUM Oslo. I fjor scoret han målet som sendte klubben til Eliteserien.

    Avtalen strekker seg til 2026, opplyser KFUM i en melding på X. Det er en utvidelse på ett år.

    Svindland har spilt for «Kåffa» siden 2020. Forrige sesong utmerket midtbanemannen seg ved å bli matchvinner i Oslo-derbyet mot Skeid og sikre KFUM et sensasjonelt opprykk fra 1. divisjon.

    26-åringen står med 15 mål på 122 kamper for KFUM. (NTB)

    1. divisjon i fotball 2023: KFUM-Skeid (1-0)
    Foto: Frederik Ringnes / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal