Det blei meir enn ein liten dose dramatikk på avslutninga av 10.000-meteren i Heerenveen.
I siste paret skulle Sven Kramer og Jan Blokhuijsen safe inn til gull og sølv i allround-EM. Men først tjuvstarta Kramer, så stod Blokhuijsen med skøytene på streken i det skotet gjekk.
Reglane seier at det ikkje er lovleg, og at den andre tjuvstarten skal gi diskvalifikasjon. Men Blokhuijsen fekk gå.
– Tjuvstart ikkje viktig på 10.000
– Ein tjuvstart er ikkje viktig på ein 10.000-meter, var startarens forklaring overfor nederlandsk radio.
Dermed fekk Blokhuijsen fullføre løpet og sikre sølvet. Hadde han blitt diska, ville bronsen gått til Sverre Lunde Pedersen.
– Etter regelboka er det fusk. Det betyr ikkje at ein går 10.000 meter, ein går 9999,99 meter. Då har du ein fordel, og den skal straffast. Det er så enkelt. Det er heilt absurd at han får lov til å starte, for det skulle startaren ha sett, seier Even Wetten.
Men startaren er ifølgje regelverket suveren. Når han har valt å la løparane gå, kan ikkje overdommaren gripe inn. Derfor er det ikkje mogeleg å protestere.
– Det er synd om ein skal ta til å fundere på kva reglar ein skal følgje eller ikkje, seier landslagstrenar Sondre Skarli.
– Men samstundes vil vi helst ta medaljar ved å gå fort nok, ikkje fordi nokon blir diska, seier han.
Totalkollaps
Så kan ein kanskje innvende at Pedersen på ingen måte fortente bronsen i dag. For kollapsen han hadde på 10.000-meteren, kvalifiserer til merkelappen «tidenes».
Han måtte inn på 13.29,97 for å slå Bart Swings og sikre medaljen. Det låg han an til i over 8000 meter. Så møtte han veggen, og det var ei stund tvil om han i det heile ville kome seg til mål.
– Dette skal ikkje skje. Dette er katastrofe, sa NRKs Even Wetten mot slutten av Pedersens løp.
På dei to sisterundane var det så vidt Pedersen klarte å stå på skøytene. Fullstendig utsliten ramla han over målstreken, nesten 13 sekund bak tida han måtte hatt for å ta bronsen. Dei sekunda tapte han på dei fire siste rundane.
Video: Sverre Lunde Pedersens kollaps
– Hadde berre lyst å legge meg ned
– Eg har følt meg tom og sliten i heile dag, og 10 rundar før mål var eg heilt ferdig. Det gjekk heilt i svart, seier ein nedtrykt Pedersen til NRK.
– Kanskje bryggjer eg på ein sjukdom. Eg veit ikkje, seier han.
– Eg forstod ikkje korleis eg skulle kome meg til mål, og hadde mest lyst til å legge meg ned. Eg har aldri kjent meg slik før. Seinast i går var alt mykje betre. I dag var det berre å gå så lenge kreftene heldt. Eg forstod tidleg at det ville bli vanskeleg.
I går gjekk han ein sterk 5000 meter, medan 1500 tidlegare i dag var langt meir moderat.
Med hendene på begge låra passert han for siste gong med 36,5-runde. Han kom seg rundt for siste gong også, men med 38,1 på sisterunden.
– Så langt nede har eg aldri vore før.
– Fekk du med deg dramaet omkring tjuvstarten?
– Ja, men det tenkjer eg ikkje så mykje på. No må eg få kroppen i orden igjen.