«World record day» i Valencia i Spania levde verkeleg opp til forventningane. Namnet på løpet gav litt av eit press på Joshua Cheptegei og Letesenbet Gidey, men dei bestod båe med glans.
– Eg ønskte å leve opp til forventningane og eg er glad eg oppfylte draumen min, sa Cheptegei til World Athletics.
24-åringen frå Uganda har sprunge tre løp i 2020 – og satt verdsrekord i alle tre, på 5 km gateløp, 5000 meter og 10.000 meter
Slo rekorden frå Bislett
Letesenbet Gidey frå Etiopia skulle forsøke seg på 5000 meter først. Den førre rekorden var på 14.11,15 og var 12 år gamal. Den blei teken på Bislett av Tirunes Dibaba.
Men Gidey knuste rekorden. Med tida 14.06,65.
– Ho leverer eit eventyrleg løp, sa NRKs kommentator Jann Post da ho gjekk i mål.
Ho såg frisk ut gjennom heile løpet, og ho hadde ikkje noko problem med å følge lysharene som skal hjelpe løparane med å springe i eit jamt tempo.
– Det verste av alt er at det såg lett ut, sa Post og lo da ho kom i mål.
Ny langdistansekonge
Cheptegei ville ikkje vere noko dårlegare. Han sprang sin 10 000 meter på 26.11,02, altså 25 rundar på under 63 sekund i snitt.
Han slo med det den 15 år gamle rekorden til Kenenisa Bekele på 26.17,53.
– Eg prøvde å skrive om historia slik at folk kunne ha noko å glede seg over. Dei i verda som elskar skal ha noko å huske. I denne vanskelege situasjonen håper eg ting som dette kan gi oss glede og håp for morgondagen, sa Cheptegei.
– Verda har fått ein ny langdistansekonge. Han heiter Joshua Cheptegei, sa Post i det rekorden var eit faktum.
– Det er ein eventyrleg miltid, held han fram.
– For ein løpar, for ein maskin, seier NRKs ekspert Vebjørn Rodal.
Cheptegei brukte 2 minuttar og 37 sekund i snitt på kvar kilometer. Kenenisa Bekele som hadde den gamle rekorden på 10 000 meter har hatt den i 15 år. Lista for å slå den har med andre ord vore høg.
– Bekele si tid har gitt langdistanseløparar utfordringar som har vore uoverkommelege, men så kjem Cheptegei og detroniserer den, seier Rodal.