Dobbel pris for spelarar til Kina – skal gjere slutt på gigant-overgangane

Det kan gå mot slutten på dei enorme overgangssummane kinesisk fotball etter at det no blir lagt ein skatt på 100 prosent på dei dyraste overgangane.

Carlos Tevez

DYR MANN: Carlos Tévez kosta 84 millionar euro då han gjekk til Shanghai i vinter

Foto: STR / AFP

Kinesiske styremakter vedtok den nye regelen i dag. Den ekstra skatten skal gå til ungdomsutviklingsfondet til det kinesiske fotballforbundet.

Pengane skal brukast mellom anna til offentlege sportsanlegg, vitskapeleg utvikling av fotballen, og treningar for unge spelarar, heiter det i ei pressemelding frå det kinesiske fotballforbundet.

Tilleggskatten skal gjelde for alle overgangar på meir enn 56,5 millionar kroner for utanlandske spelarar, og på 25,5 millionar for kinesiske spelarar.

Det skal redusere talet på ekstremt dyre utanlandske stjerner som er henta inn til kinesiske klubbar.

Handla for enorme summar

Dei siste to åra har kinesiske klubbar handla stjerner for enorme summar, med Carlos Tévez' overgang til Shanghai Shenua for 84 millionar euro som den dyraste.

Etter dei nye reglane hadde den handelen kosta klubben 168 millionar i brutto overgangssum.

I tillegg har Tevez ei løn som gjer han til den ein av dei best betalte fotballspelarane i verda.

Totalt har kinesiske klubbar handla for meir enn klubbane i Spania, Italia, Tyskland og Frankrike til saman.

Det har gitt den kinesiske ligaen stor merksemd, men har ifølgje fotballforbundet gjort lite for å hjelpe kinesisk fotball på sikt.

Skal hjelpe lokale talent

Regelen som blei endeleg vedteken i går, kom ikkje uventa. Den offisielle avisa Folkets Dagblad har tidlegare om at den eksplosive veksten i kjøpesummane – 1,15 milliardar dollar i 2016 – «langt overgår verdien som blir tilført ligaen».

Dei nye reglane skal ta til å gjelde allereie frå komande måndag når det kinesiske overgangsvindauget opnar, melder insideworldfootball.com.

Det kan gå ut over spelarar som Wayne Rooney, Diego Costa og Pierre-Emerick Aubameyang, som er sterkt inne i spekulasjonane om nye store overgangar til kinesiske klubbar, skriv Times.

Føremålet er å få fram eigne kinesiske talent. Landslaget har ikkje dratt nytte av dei mange stjernene i ligaen, og landslaget ligg sist i si VM-kvalifiseringsgruppe.

Kina har berre vore i fotball-VM ein gong, i 2002.

PS: Neste sesong kan Kinas U20-landslag kome til å spele som lag nummer 20 i Regionalliga Sørvest (nivå 4) i Tyskland. Laget skal spele utanfor konkurranse, og hovudføremålet er å førebu laget på OL i Tokyo i 2020.

Siste nytt

  • Mot 3.-plass til Aamodt Kilde

    26-åringen køyrer eit rått utfor i Wengen og ser ut til å sikre seg ein 3.-plass, 14 hundredelar bak Vincent Kriechmayr frå Austerrike og Beat Feuz. Svindal ligg på 4.-plass, medan Jansrud ikkje får det til og hamnar lagt bak. Smiseth Sejersted køyrer ut.

  • Vikhagen Gjeitnes på andreplass

    Kari Vikhagen Gjeitnes var med i seierskampen helt inn på den siste kilometeren i Ski Classics-rennet La Diagonela i Sveits lørdag, men tsjekkiske Katerina Smutna ble for sterk. Astrid Øyre Slind, som falt underveis, tok fjerdeplassen i rennet.

    Kari Vikhagen Gjeitnes
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Dale på pallen i IBU-cupen

    Johannes Dale måtte strekke våpen til slutt, men ble nummer to på sprinten i IBU-cupen i skiskyting i tyske Arber lørdag. Franske Aristide Begue vant. Tore Leren, Håvard Gutubø Bogetveit og Fredrik Gjesbakk ble henholdsvis nummer fem, seks og sju.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup langrenn: Klassisk sprint, finaler
V-cup langrenn: Klassisk sprint
V-cup skiskyting: Stafett kvinner
V-cup skiskyting: Stafett kvinner
V-cup kombinert: 10 km langrenn
V-cup kombinert: 10 km langrenn
V-cup hopp: Laghopp 1. omgang, menn
V-cup hopp: Laghopp menn
Vinterstudio
V-cup hopp: Laghopp 2. omgang, menn
Sport i dag