Hopp til innhold

Aksel Lund Svindal: – Dette var helt vilt

Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud var i ei klasse for seg og sikra norsk dobbelsiger i Beaver Creek.

Svindal

SUVERENT: Aksel Lund Svindal leverte eit perfekt løp og vann i utklassingsstil

Sist helg vann han med ein hundredel. I dag var det eit hav.

Aksel Lund Svindal køyrde feilfritt, og kryssa mållinja heile 97 hundredeler framfor Carlo Janka, som leia på det tidspunkt.

– Han har parkert verdseliten, sa NRK-kommentator Thomas Lerdahl under sendinga.

Han var svært nøgd med løpet sitt.

– Dette var vilt. Det er høg fart i løypa og masse terreng. Det kosta litt mot å dra på. Men skulle eg slå Kjetil hadde eg ikkje noko val, sar Askel Lund Svindal til NRK.

– Glad vi er ferdige

Utfor-jubel

JUBEL: - Dette var vilt, sa Aksel Lund Svindal. Her jublar han over dobbelsigeren saman med Kjetil Jansrud

Foto: Alain Grosclaude/Agence Zoom / Afp

Han visste at Kjetil Jansrud var mannen å måle seg mot i dag.

– Eg viste at eg kunne ta nokre tideler på toppen om eg trefte perfekt, sa Svindal.

– Eg er glad vi er ferdige. Det kosta litt, dette her. Men to nordmenn på toppen er ganske rått, så dette skal vi nyte.

To startnummer seinare kom Kjetil Jansrud. Han tapte eit halvt sekund til Aksel på toppen, men var raskare enn Aksel i resten av løypa. I mål var skilnaden 30 hundredeler.

– Kva seier du om Aksels prestasjon - han har vore så godt som ute eit år, og kjem tilbake på denne måten?

– Bra den, og omtrent som forventa. Han var god i VM her i fjor, og det er tulete å tru at han ikkje skal vere rask når han får åtte månader til å trene på, seier Jansrud om lagkameratens superløp.

– Vanskeleg å våge å sleppe seg laus

– Det er sinnsjukt kor fort utgåva av Beaver Creek i år har gått. Det er så fine forhold at det er vanskeleg å våge å sleppe seg laus, sa Jansrud til NRK.

– Eg høyrde på start at Aksel hadde køyrt fort, og at eg måtte gi gass frå start om eg skulle henge med.

– Men eg kom dårleg ut frå start. Eine staven glapp litt, og det blei litt stressande. Å legge att eit haølvt sekund til Aksel på toppen fekk eg smake heile vegen ned. Men elles gjekk det greit, og eg er storfornøgd med andreplass, sa Jansrud.

– Er det nokon eg vil vere bak, er det lagkameratar. Avstanden bakover er iallfall stor.

Det var god margin også bakover. Guillermo Fayed tok tredjeplassen, men heile 40 hundredeler bak Jansrud.

Sigeren er Svindals tiande i utfor i verdscupen, og den tredje i Beaver Creek. Men i fjor vann Jansrud.

Video: Sjå løpet til Kjetil Jansrud

Jansrud

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal