Hopp til innhold

Ukrainsk verdsmeister ville til Noreg – spurde militæret for seint

Den ukrainske skiskyttarstjerna Dmytro Pidrutsjnyj prøvde å bli med på Blinkfestivalen, men fekk avslag i heimlandet. Samtidig er han tilbake i full trening for første gong sidan den russiske invasjonen.

Dmytro Pidruchnyi

FORSVARER LANDET: Ukrainske Dmytro Pidrutsjnyj får ikkje dra til Noreg og Blinkfestivalen.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / AFP

Det var då krigen i Ukraina braut ut at Dmytro Pidrutsjnyj, som tok VM-gull i 2019, vart kalla inn til militær teneste for å forsvare heimlandet sitt.

Sidan den gong har han ikkje fått delteke i internasjonale skiskyttarkonkurransar. Men no har han fått permisjon frå det ukrainske militæret, og dermed var det faktisk eit håp om at han kunne delta på Blinkfestivalen.

– Det er ikkje slik at det er forbod å besøkje sjølve Blinkfestivalen. Men Blink er ein kommersiell konkurranse, og han er ikkje med i førebuingane til det ukrainske landslaget, forklarer Pidrutsjnyj.

Biathlon - Men's 15km Mass Start

PROFIL: Dmytro Pidrutsjnyj var ein av konkurrentane til Johannes Thingnes Bø.

Foto: HANNAH MCKAY / Reuters

Kjem med oppmoding til IBU

Han seier vidare at dei prøvde å komme seg til Sandnes gjennom ein søknad til forsvarsdepartementet i Ukraina. Den skal likevel ha vorte sendt for seint, og det blir derfor det ingen konkurransar på ukrainske utøvarar denne gongen.

– Sjølvsagt kjennest det ikkje bra når ein ikkje får lov til å reise til konkurransen. Men det er krig i landet vårt, og vi har full forståing for situasjonen. Og vi forstår at alle gjer alt dei kan for å vinne krigen, seier den ukrainske skiskyttarstjerna Pidrutsjnyj.

Dmytro Pidrutsjnyj

I FORSVARET: Pidrutsjnyj måtte ta del i det ukrainske forsvaret frå mars.

Foto: Dmytro Pidrutsjnyj / Instagram

Dessutan er det å forsvare Ukraina ein prioritet for den tidlegare verdsmeisteren.

– Eg synest at kvar ukrainar er klar til å kjempe der det er behov for, viss vi får den ordren frå leiinga, seier Pidrutsjnyj.

Men han er altså ikkje soldat akkurat no. Han tenestegjorde i den ukrainske nasjonalgarden i tre månader. No er han med på samlingar og treningar med landslaget, noko han har vore sidan 5. juni.

Samtidig kjem han også med ei oppmoding til det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU), i tillegg til at han opnar opp om hatforholdet til Russland og Belarus.

– Heile landet hatar dei, og vi hatar alt som kan knytast til dei. Ærleg talt håpar vi at vi ikkje kjem til sjå dei på dei næraste konkurransane. Vi håpar at IBU vil støtte konkurranseforbod for Russland og Belarus i vintersesongen viss Russland framleis skyt mot Ukraina frå belarusisk territorium og drep ukrainarar i deira eigne land, seier Pidrutsjnyj.

Les også: Idrettsstjerne takkar Putin etter stjernemøte – ba presidenten signere medalje

Stepanova Putin
Stepanova Putin

Fleire OL og verdsmeisterskapar bak seg

Han seier vidare at han er klar for å gjere kva som helst for forsvaret i Ukraina.

– Eg synest at kvar ukrainar skal vere klar til å kjempe der det er behov for, viss vi får den ordren frå leiinga, seier skiskyttaren og held fram:

– Det gjeld også meg. Frå første dag følgde eg ordrane frå leiinga i den ukrainske nasjonalgarden. Det gjorde også andre idrettsutøvarar som tenestegjorde saman med meg. Dei som hadde meir erfaring, fekk vanskelegare oppgåver. Eg trur at ved behov er alle klare til å verne landet vårt heilt til slutt.

Pidrutsjnyj har delteke i OL i 2014 og 2018, men tok aldri medalje i leikane. Det vart det likevel i Östersund i 2019, der han tok gull i jaktstarten for herrar.

Johannes Thingnes Bø synest situasjonen er trist, og at det er ei påminning om at det framleis er krig i Ukraina.

– Det beskriv jo berre situasjonen, at det framleis er krig i Ukraina og unntakstilstandar. Det er litt lett å få det på avstand etter gitt tid, men dette er nok ei påminning om at det framleis er bråk der. Eg kjenner verkeleg med han, og sjølvsagt med alle andre i Ukraina, seier han til NRK.

IBU World Biathlon Championships - Men's 12,5km Pursuit

TOK GULL: Det vart VM-gull i Östersund.

Foto: TT NEWS AGENCY / Reuters

Ukrainarane slit med å få trena, fordi dei har vore med i krigen. I tillegg skal éin utøvar fått huset sitt okkupert av russiske soldatar.

– Eg tenkjer berre kor heldige vi er, som bur i det landa her. Og så hadde det på ein måte vore litt fint viss du kunne komme hit òg, så kunne vi vist dei litt kjærleik, og samla dei litt inn i den konkurranse-settingen, der dei høyrer heime og kan få tankane over på litt anna, seier Tarjei Bø.

– Men det er unntakstilstandar og då må vel alle mann til pumpene. Ein kan på ein måte forstå det, seier han.

Siste nytt

  • Råsterkt Ruud-comeback i Beijing – møter Alcaraz i kvartfinalen

    Casper Ruud ble rundspilt av Tomas Martin Etcheverry fra start, men slo tilbake og avanserte i ATP500-turneringen i Beijing.

    Nordmannen vant 2-1 i sett på hardcourt-underlaget i Beijing. Han møter verdenstoppen Carlos Alcaraz i kvartfinalen.

    Ruud tapte førstesettet hele 1-6. Det var ferdigspilt på cirka en halvtime.

    Ruud brøt Etcheverrys serve direkte i andre sett. Nordmannen ga så etter hvert fra seg et ganske klart grep om settet, men han rodde det inn med 7-5.

    Oppgjøret ble avgjort i et tiebreak etter at Ruud utlignet til 6-6 i sin serve. Ruud havnet under med 0-4, men fightet seg tilbake og vant med sifrene 9-7.

    Ruud må fikse solide resultater tiden som kommer for å gi seg selv en mulighet til å bli kvalifisert til ATP-sluttspillet senere i høst.

    Laver Cup Tennis
    Foto: DARRYL DYCK / AP
  • Kibrab tangerte Ingebrigtsen-rekord: – Megabra

    Awet Kibrab tok en sterk 8. plass på femkilometeren i VM i gateløp søndag. Med tiden 13.28 tangerte han Jakob Ingebrigtsens norske rekord på distansen fra 2020.

    Den norske langløpslegenden Ingrid Kristiansen er på plass under VM i Riga. Hun er mektig imponert.

    – Det synes jeg er veldig bra. Det forteller bare at vi har mange, mange flotte løpere på lange løp nå. Det er megabra, sier hun til NRK.

    Det ble en etiopisk kamp om seieren, hvor Hagos Gebrhiwet viste seg som den sterkeste på slutten og vant med tiden 12.59, tre sekunder foran Yomif Kejelcha.

    Bak ham var Awet Kibrab blant løperne som fulgte tettest da farten ble skrudd opp underveis. Nordmannen var helt oppe på en femteplass etter tre kilometer, bare tre sekunder bak teten, men fikk det tyngre mot slutten og kom i mål til en åttendeplass.

    – Han er ingen redd løper. Jeg liker sånne offensive løpere. Jeg var sånn selv. Han er på god vei, sier Kristiansen om Kibrab.

    Magnus Tuv Myhre ble nummer elleve med tiden 13.33.

    Friidrett: Boysen memorial 2022
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Northug med skremmeskudd – Riege smadret konkurrentene

    Langløpsprofilen Amund Riege fikk en drømmestart på Ski Classics-sesongen da han gikk helt til topps på det 90-kilometer lange Klarälvsloppet søndag.

    – Det var rett og slett en imponerende avslutning av Riege, utbrøt NRK-ekspert Simen Østensen da seieren var et faktum.

    Petter Northug var med helt inn til slutt og endte på en sterk 10. plass i Sverige.

    Han slo dermed store profiler som Calle Halfvarsson og William Poromaa.

    – Det var bare nesten for Petter Northug denne gang. Han rykker stadig nærmere målet om å vinne Vasaloppet, utbrøt NRK-kommentator Torgeir Bjørn.

    Klarälvsloppet blir kalt «høstens Vasalopp». Northug har tidligere uttalt at han har som mål om å vinne Vasaloppet innen tre år.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste