– Det er ikkje overraskande at kampen er jamn, men at Wawrinka faktisk klarar å vinna, er overraskande, seier kommentator i Eurosport Christer Francke til NRK.no.
Mannen som er ranka som nummer åtte, heldt nervane under kontroll i det femte og avgjerande settet mot serbaren. Etter litt over fire timars spel, var sigeren eit faktum med siffera 2–6, 6–4, 6–2, 3–6, 9–7.
– Sin livs sjanse
Wawrinka møter tsjekkiske Tomas Berdych (nr. 7) i semifinale torsdag, og leiar innbyrdes-statistikken 8–5.
– Det er ein heilt open kamp som det skal verta spennande å fylgja. No har Wawrinka sin livs sjanse – i alle fall å ta seg til sin fyrste Grand Slam-finale, seier Francke.
28-åringen frå Lausanne i Sveits er eit kjempetalent, men har som regel vore i skuggen til landsmannen Roger Federer.
– Han har alltid spela bra, og har kanskje verdas beste einhands-backhand, men når det kjem til stykket, tek han ikkje dei store titlane.
Djokovic og Wawrinka møttest også i Australian Open i fjor – den gong i 4. runde. Serbaren vann 12-10 i avgjerande sett, i det som var ein av dei beste kampane i 2013. Dagens kamp var ikkje like god, men vel så spennande.
Hadde full utteljing
Francke, som kommenterte kampen for Eurosport, opplevde Djokovic som meir passiv enn vanleg og under pari.
– Det verkar som han får det fyrste settet litt for lett, og begynner å slappa av. Wawrinka får etter kvart ein kjempeflyt i spelet og har full utteljing. Han klarar å halda seg offensiv heile kampen.
Djokovic har vunne dei 14 siste oppgjera mot sveitsaren, og har synt seg overlegen på hardcourten i Melbourne dei siste åra.
– Wawrinka spelar godt nok til å vinna turneringa – men om han har hovud til å gjera det, er spørsmålet, seier Francke og legg til:
– Han bør i alle fall ha fått trua på det etter å ha slått Djokovic.
Glad sveitsar
– Eg har tapt to gongar i fem sett i Grand Slam-turneringar mot Djokovic, så det var vanskeleg å halda trua, men eg var fokusert i poeng etter poeng, sa Wawrinka etter kampslutt.
Han var likevel audmjuk etter sigeren.
– Når Novak spelar på sitt beste, er han ein betre spelar enn meg.
Artikkelen held fram under biletet.
Opp til Nadal
Francke meiner likevel verdseinar Rafael Nadal er klar favoritt.
– Alt ligg i hendene til Nadal. Han har ei eige evna til å vinna, særleg i Grand Slam, men det er eit lite utropsteikn med Federer. Kor bra han eigentleg spelar, får me svar på i morgon føremiddag når han møter Andy Murray i kvartfinale, seier Francke og legg til:
– Det verkar som om Federer har fått ein ny giv, med Stefan Edberg i teamet og ny racket. Han er òg attende etter mykje ryggproblem førre sesong.
Nadal møter bulgarske Grigor Dimitrov (nr. 22) i sin kvartfinale natt til onsdag.
Kvartetten Nadal, Djokovic, Murray og Federer har vunne 34 av dei 35 siste Grand Slam-titlane. Unntaket var US Open i 2009 då Juan Martin Del Potro vann.