Djokovic tok nytt steg mot rekord
Novak Djokovic tok eit nytt steg mot tennisrekorden med siger 1-6, 6-3, 6-2, 6-2 over Jenson Brooksby. Amerikanaren sjokkerte verdseinaren ved å gruse han i første sett. Men så slo Djokovis tilbake og vann kampen greitt.
Men i kvartfinalen kan han få det mykje tøffare.
Der møter han italienske Marco Berrettini, sjetterangert i turneringa, kjend som «The Hammer of Tennis» på grunn av sin harde serve.
Dei to møttest også i finalen i Wimbledon i juli, og også i kvartfinalen i Roland Garros i Paris i juni Begge gongane vann Djokovic.
Serbaren er på jakt etter sin 21. Grand Slam-triumf. Greier han det, slår han Roger Federers og Rafael Nadals rekord på 20. Ingen av dei to er med i US Open i år.
I så fall blir han også den første mannlege tennisspelaren sidan Rod Laver i 1969 som vinn alle fire Grand Slam-titlane i eitt og same kalendarår.
Endå ein rekord kom ut av kampen i natt: Med Brooksbys tap er det for første gong i US Opens 141 år lange historie ingen frå arrangørlandet i kvartfinalene, verken for menn eller for kvinner.