Hopp til innhold

Djokovic nektar framleis å vaksinere seg

USA krev vaksinepass for å kome inn i landet. Novak Djokovic vil framleis ikkje ta vaksine og er villig til å ofre US Open om ikkje kravet blir fjerna.

Serbaren har vunne 20 Grand Slam-titlar og startar jakta på Rafael Nadals rekord på 22, når Wimbledon startar måndag. Djokovic møter Soonwoo Kwon frå Sør-Korea i første runde.

Men Wimbledon kan bli årets siste store turnering for verdstrearen.

– Det er ikkje så mykje eg kan gjere lenger. Det er opp til den amerikanske regjeringa å velje om dei vil ta inn dei uvaksinerte eller ikkje. Slik det skjer ut i dag, er eg ikkje velkomen i USA, seier Djokovic til Eurosport.

US Open startar 29. august.

Tidlegare i år hamna han i kontroversar då han skulle forsvare Australian Open-tittelen. Det enda med at han ikkje fekk delta.

I England er det ikkje nødvendig med vaksinepass, og serbaren kan dermed spele i Wimbledon.

Novak Djokovic
Foto: GLYN KIRK / AFP

Siste nytt

  • Andreas Leknessund vant Arctic Race of Norway

    Andreas Leknessund vant den avsluttende etappen av Arctic Race of Norway. Han samlet seg også nok bonussekunder til å vinne sammenlagt.

    Det skilte åtte sekunder ned til canadieren Hugo Houle.

    Leknessund satt i et tremannsbrudd sammen med franske Fabien Grellier og italienske Alessandro Verre. De hadde stukket av gårde fra hovedfeltet med rundt 100 kilometer igjen av etappen.

    Det var 23-åringens annen proffseier. Han vant også en etappe i Sveits rundt tidligere. Det er den første norske seieren i Arctic Race of Norway siden Thor Hushovd vant i 2013.

    (NTB)

    Arctic race 2022, målgang.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Scora fire i toppkampen

    Katarina Dybvik Sunde smelte inn fire mål då Åsane slo Øvrevoll Hosle i toppkampen i 1. divisjon søndag. Ho har scora 14 mål på sine 13 kampar hittil.

    Begge laga har 33 poeng med to kampar att. Bak lurer TIL 2020 med 30 poeng, men med tre kampar att.

    Dei to beste skal møte dei seks siste frå Toppserien i sluttspelet, i kamp om seks plassar i neste års toppserie.

    Katarina Dybvik Sunde
    Foto: Jan Kåre Ness / NTB
  • RBK heldt liv i tynt grunnserie-håp

    Rosenborg slo Kolbotn 2-0 og har framleis ein knøttliten teoretisk sjanse til å vinne grunnspelet i Toppserien.

    Cesilie Andreassen scora på straffe i sluttsekunda av første omgang, og Mathilde Harviken dobla etter 72 minutt.

    Rosenborg ligg tre poeng bak Brann med ein kamp att, men med 11 mål dårlegare målskilnad.

    Brann, Rosenborg og Vålerenga er forlengst klare for sluttspelet, og vil ta med seg 6, 4 og 2 poeng.

    Men berre fire poeng skil fire lag som framleis er med i kampen om den fjerde plassen.

    Stabæk har den no med 24 poeng etter 1-1 mot Brann i går, og med ein kamp igjen.

    Lyn kunne gått forbi Stabæk søndag, men måtte nøye seg med 1-1 mot Arna Bjørnar og har 23 poeng. LSK Kvinner har 22 etter 3-0 over Røa, medan Kolbotn tapte terreng etter tapet for Rosenborg. Dei har 20 poeng.

    Dei tre laga har to kampar igjen.

    Cesilie Andreassen
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste