NRK Meny
Normal

Diomandé skåra sesongens første Premier League-mål

Med eit vakkert brassespark fekk norske Adama Diomandé æra av å opne skåringskontoen i Premier League denne sesongen.

SOCCER-ENGLAND-HLL-LEI/

PERLE: Her setter Adama Diomandé inn årets første Premier League-mål.

Foto: Craig Brough / Reuters

Laster innhold, vennligst vent..

Regjerande seriemeister Leicester fekk det vanskeleg i opninga av ein ny Premier League-sesong. Mot nyoprykka Hull tapte dei til slutt 2-1, sjølv om dei styrte mykje av spelet.

Derimot blei det ein veldig god opning for «The Tigers», og norske Adama Diomandé, som kunne behalde alle tre poenga i Hull.

Dobbelt brassespark

Men Leicester fekk ein god start på kampen. Dei hadde full kontroll på Hull den første halvtimen, og skapte det som var av sjansar. Etter 26 minuttar kunne Danny Drinkwater sendt Leicester i føringa, men måtte sjå skotet frå nært hold stryke stolpen.

Også Ahmed Musa og Riyad Mahrez hadde fleire store sjansar til å sende Leicester opp i 1–0 leiing. Men rett før pause fekk Hull hjørnespark. Robert Snodgrass sende ballen inn i feltet, og etter litt klabb og babb ender den på brystet til Abel Hernández.

SOCCER-ENGLAND-HLL-LEI/

BRASSESPARK: Det var vanskeleg å sjå kven som var sist på ballen då Abel Hernandez og Adama Diomandé gjekk opp i samme duell.

Foto: Russell Cheyne / Reuters

Ballen går på nytt opp i lufta, og Hernandez og Adama Diomandé går opp i same duell for å ta brassespark. Ballen går hardt i mål bak ein spelt ut Leicester-keeper Kasper Schmeichel, og Hernandez, som først blei kreditert målet, slepp jubelen laus.

Diomandé går snurt attende mot mitbanesirkelen utan å feire med lagkameratane. På reprisen ser ein derimot at det er Diomandé som er sist på ballen.

Diomandé får etter kvart kreditert målet til seg, og kan med det skryte på seg det første målet i årets Premier League.

Dommartabbe

Kampen var derimot ikkje over der. Rett etter pause får Leicester straffe då Demarai Gray blir trakka på hælen. Reprisane viser tydeleg at Gray blir felt utanfor 16-meteren.

Det bryr derimot ikkje Mahrez seg særleg om, og sender Leicester à jour. Gleda vara ikkje lenge, då Robert Snodgrass hamrar ballen inn bak Schmeichel 10 minuttar seinare.

Det er få målsjanar etter det, og Hull kan feire 3 poeng mot den regjerande seriemeisteren.

Siste nytt

  • Lillebror Pedersen til Godset

    Sebastian Pedersen (18) gjør som storebror Marcus (27) og blir Strømsgodset-spiller.

    18 år gamle Sebastian er spiss i likhet med broren, og han har skrevet under en kontrakt som binder ham til Strømsgodset ut 2019-sesongen.

    Sebastian Pedersen
    Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix
  • Aamodt Kilde rask på utfortrening

    Aleksander Aamodt Kilde var raskest av de norske under tirsdagens utfortrening i Kitzbühel med en 3.-plass. Aksel Lund Svindal kjørte ned til en 7.-plass, mens Kjetil Jansrud endte på en 16.-plass i gjennomkjøringen. Christof Innerhofer var raskest.

    Aleksander Aamodt Kilde
    Foto: Vincenzo Pinto / AFP
  • Powell ny trener i Sandefjord

    Tidligere Egersund- og Levanger-trener Magnus Powell blir trener i eliteserieklubben Sandefjord. Powell har skrevet under på en toårig avtale. Han erstatter Lars Bohinen, som har tatt over Aalesund.

    Magnus Powell
    Foto: Torstein Bjørkås/NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM håndball menn: Frankrike-Hviterussland
EM håndball menn: Før kampen Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Norge - Østerrike
EM håndball menn: Etter kampen Norge - Østerrike