Brukarnamna «FVitelli» og «opqrstuv» på lichess.com har skapt oppstandelse i sjakkverda.
Ein observant Reddit-brukar oppdaga at brukarane vart oppretta på same dag i februar, berre har spelt mot kvarandre – og til overraskinga for mange: Dei har spelt parti som liknar oppsiktsvekkjande mykje på dei frå årets VM-kamp i sjakk mellom Ding Liren og Jan Nepomnjasjtsjij.
No blir brukarane kopla til VM-duellant Ding og sekundanten hans Richard Rapport.
– Det er ingen tvil om at det er det. Det må vere brukarane deira. Det er null sjanse at det ikkje er det, seier den femte høgast rangerte spelaren i verda, Hikaru Nakamura.
– Det er 100 prosent sikkert
Bevisa peikar spesielt mot parti åtte av VM-kampen i Kasakhstan førre veke. For trekka i eit parti spelt av brukarane på lichess.com er lenge identiske som dei spelte i VM-partiet.
Dings tolv første trekk og «Nepos» elleve første trekk er heilt like som på nettstaden, og ekspertane er ikkje i tvil.
– Det er ingen tvil om at dette var treningsparti mellom Ding og Rapport. Det er 100 prosent sikkert og det veit alle, seier stormeister Johan-Sebastian Christiansen, ein av Noregs beste sjakkspelarar.
Det var nemleg ei rekkje ganske unike trekk som vart spelt, og ikkje noko som kunne dukka opp mellom kven som helst.
Her er partiet på lichess.com og VM-partiet, begge etter 23 trekk:
Ekspertar om lekkasjen: – Amatørmessig
VM-kampar i sjakk inneber fleire månader med trening og førebuingar. Linjer blir studerte og trekk blir planlagt, og det blir sett saman eit team av sekundantar – hjelparar – som skal bidra til at VM-duellanten stiller klar til kamp.
Men no verkar det altså som Dings vesle hemmelegheit er ute. Alt takka vere ei Reddit-etterforsking og litt aktløyse frå kinesarens side.
– Det er litt amatørmessig at dei ikkje har funne ei betre løysing på å trene, at det kan avdekkjast av andre. Det er ein brølar frå teamet hans. Det er merkeleg at ein ikkje tek høgd for risiko, seier NRKs sjakkekspert Torstein Bae.
Noregs beste sjakkspelar på kvinnesida, Monika Machlik, bruker også «amatørmessig» for å beskrive blemma.
– Det verkar veldig sannsynleg at det har skjedd ein lekkasje. Det er lett å søkje opp parti på lichess, så det er veldig oppsiktsvekkjande at dei har gjort dette, meiner ho.
Nekta å kommentere
Lekkasjen spreidde seg som eld i tørt gras gjennom sjakkmiljøet. Også på pressekonferansen etter partiet fekk Ding spørsmål om det, men gav ikkje frå seg mykje meir enn eit lurt smil.
– Kva parti snakkar du om? svarte han med eit imponerande pokerfjes.
– Ingen kommentar, sa sekundant Rapport til chess.com før han forsvann inn i ein heis saman med Ding.
Ei samla sjakkverd verkar likevel å vere samde. Dette er treningspartia mellom dei to.
Men kor mykje har det eigentleg å seie for VM-kampen?
Mental utfordring
– Det har ikkje altfor mykje å seie for kampen ettersom dei brukte mest tid på to opningar som allereie har vorte spelte i kampen, og som neppe vil gjenta seg. Så dette vil ikkje ha nokon verknad på kampen, men er ein god lærepenge for team Ding, meiner Christiansen.
Machlik trur at «Nepo» må ha visst om lekkasjen, ettersom han spelte raskt og sjølvsikkert mot Dings nye idear i ei komplisert stilling.
– Eg trur det har mest å seie psykologisk. Eg trur det er ein veldig kjip beskjed å få for Ding, seier ho.
Årets VM-kamp har svinga veldig fram og tilbake, med sigrar til begge spelarane. Det er ulikt tidlegare VM-oppgjer i nyare tid, der spesielt Magnus Carlsen har vist seg som for solid for utfordrarane sine.
– Denne kampen er heilt open, og det ser ikkje ut som dette har vorte avgjerande. I dei siste partia vil det handle om kven som klarer å halde kontroll på nervane og setje den andre under press, meiner Bae.
Jan Nepomnjasjtsjij leiar med eitt poeng etter det 10. partiet i VM-kampen.