Tårene rann då han gjekk av bana like etter sigersmålet. Kjenslene måtte ut for West Ham-spelaren som ikkje fekk vere med til VM i Brasil for to år sidan.
– Men då eg kom ut på bana i kveld, visste eg at eg skulle ha det moro, sa han.
– Ved starten av sesongen var det ikkje mange som trudde at eg skulle vere her. – Men det har eg klart med hardt arbeid, la han til.
«Outstanding»
– Han var «outstanding» i dag. Han var kanskje ikkje like heldig med alt i første omgang, men etter pause var han enorm, seier NRKs ekspert Karl-Petter Løken.
Payet var høgt og lågt, og skapte store problem for Romania heile tida. På sosiale media kokte det av skryt av West Ham-spelaren.
Revansje etter VM-vraking
Frankrikes tidlegare profil Thierry Henry la også merke til at Payet felte nokre tårer då han gjekk av bana like etter sigersmålet.
– Det fortel kor mykje han ønskjer å spele for Frankrike. Det var ei stor scoring og ein stor kamp. Hans mål fekk meg til å sprette opp av stolen, seier Henry til BBC.
Henry var den førre franskmannen som både assisterte og scora i ein EM-kamp – mot Tsjekkia i 2000.
Payet fekk dermed ein kraftig revansje for VM for to år sidan. Då var han med i alle kvalifiseringskampane, men vart vraka i VM-troppen.
– Derfor såg du ein mann som i dag ville vise kva han kan. Det lyste av han: «De tok meg ikkje med til VM, og no skal eg vise dykk». Han slost for kvar einaste ball. Det er ikkje mogeleg for ein mann å vinne ein kamp, men det sigersmålet... oh my gosh, seier Henry.
– Arkitekten
– Han var arkitekten bak det aller meste, han skapte 1-0-målet, og han sette det heilt store punktumet med sigersmålet, seier Karl-Petter Løken, som ikkje kan la vere å bli imponert over franskmannen.
Sjå Payets fantastiske sigersmål:
– Men eg er ikkje direkte overraska. Han har imponert meg i West Ham også, seier Løken.
Payet skapte åtte franske sjansar i kampen, ifølgje statstikkstaden OptaJoe.
Ifølgje sportskanalen ESPN skapte dei andre ni – til saman.
Løken meinte også at dette var ein kamp som lovar det beste for meisterskapet.
– Eg har sett nok grå og forsiktige opningskampar i meisterskap. Denne lovar det aller beste. Og all ære til Romania, dei gjorde sitt til at dette vart ei stor fotballoppleving, seier Løken.