– Dette blir utruleg spanande, endeleg skal eg få springe mot dei aller beste, seier mellomdistanseløpar Ingvill Måkestad Bovim.
29-åringen frå Odda er ein av to utøvarar med norsk flag på brystet som skal i elden i dagens opning av Diamond League i Quatar.
Diamond League-opninga ser du på NRK1 i kveld kl.23.30.
Medan Måkestad er Noreg sitt håp på 1500meter, skal sprinteren Jaysuma Saidy Ndure springe 100meter i den stjernespekka opninga av friidrettssesongen.
Siktar mot stjernene
Det er Doha i Quatar som er vertsbyen for det første av årets totalt 14 Diamond League-stemner.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg er i mitt livs beste form og har god tru på at eg kan hevde meg blant dei aller beste, seier Måkestad.
Under eit friidrettsstemne i Düsseldorf i vinter sette løpstalentet ny norsk rekord på 1500meter innandørs med tida 4.13,87.
I kveld stiller ho på startstreken med den internasjonale kremen av mellomdistanseløparar. Både gullvinnaren frå OL i Beijing, Nancy Lagat (Kenya) og regjerande verdmeister på distansen, Maryam Jamal er med i det stjernespekka feltet.
- LES OGSÅ:
- SJÅ:
I toppform på hemmeleg vis
Måkestad er ved godt mot før fredagens diamant-løp, og lar seg ikkje skremme av sine profilerte motstandarar.
– Det blir tøft å halde farten til dei aller beste, men dersom eg spring taktisk bra og disponerer kreftene riktig, kan eg få ei veldig god tid, seier ho.
Oppskrifta på toppformen vil Måkestad ikkje røpe.
– Eg har trent litt annleis opp mot denne sesongen. Konkret kva slags grep som er gjort vil eg førebels halde hemmeleg.
På rekordjakt
Måkestad, som er utdanna ernæringsfysiolog, kan derimot avsløre at mindre jobb og dobbelt så mykje trening har gjort underverker.
No har den lovande mellomdistanseløparen mål om både gode resultat i Diamond League og pallplassering under EM i Barcelona i sommar. I tillegg vil ho skrive seg inn i historiebøkene ved å knuse den 29år gamle norske rekorden på 800meter.
– Den rekorden er altfor gammal. Eg satsar på å knuse den under Bislett Games den 4.juni, smiler Måkestad.