DFB-Pokal, tysk cup 2020/21

  • Haaland trolig klar til norsk duell

    Erling Braut Haaland sto over lørdagens cupkamp på grunn av en muskelskade, men er trolig klar for neste helgs duell mot Alexander Sørloth og RB Leipzig.

    Det opplyser Borussia Dortmunds sportsdirektør Michael Zorc til lokalavisen Ruhr Nachrichten.

    – Erling fikk en smell i Wolfsburg, begynte deretter å trene, men tålte ikke belastningen. Vi antar at han vil være tilgjengelig for oss igjen i neste uke, sier Zorc.

    YKGqnkToiQ8
    Foto: INA FASSBENDER / Reuters
  • Knusande siger utan Haaland

    Borussia Dortmund knuste nivå 2-laget Holstein Kiel med 5-0 utan Erling Braut Haaland og er klar for den tyske cupfinalen.

    Alle måla kom i løpet av 16 minutt i første omgang. Giovanni Reyna scora dei to første, deretter scora Marco Reus, Thorgan Hazard og Jude Bellingham.

    Holstein Kiel slo ut Bayern München i ein tidlegare runde i cupen.

    Haaland måtte melde forfall på grunn av ein muskelskade.

    Om han blir klar til finalen i Berlin 13. mai, blir det norsk spissduell mot Alexander Sørloth og Leipzig.

    Giovanni Reyna scorer
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Sørloth til cupfinalen

    Leipzig måtte jobbe lenge, men greidde til slutt å sikre seg finaleplass i den tyske cupen med 2-1 over Werder Bremen.

    Det stod 0-0 etter 90 minutt. Men berre to minutt ut i ekstraomgangane tok Leipzig leiinga ved Hee Chan-hwang.

    Leonardo Bittencourt utlikna like før laga bytta side i ekstraomgangane.

    Men berre sekund før det skulle ha blitt straffesparkkonkuranse banka Emil Forsberg inn 2-1.

    Det kan bli norsk duell i cupfinalen i Tyskland, for laurdag møtest Borussia Dortmund og Holstein Kiel i den andre semifinalen.

    Sørloth spela 90 minutt i semifinalen, men blei skifta ut før ekstraomgangane.

    Leipzig
    Foto: Carmen Jaspersen / AP

Siste nytt

  • HamKam tok over tabelltoppen

    Kjetil Rekdals HamKam tar helg på toppen av tabellen i 1. divisjon etter en sterk 1-0-seier over Fredrikstad fredag kveld.

    Rubén Alegre satte inn kampens eneste mål som sørget for at Rekdals gode start på sesongen fortsatte.

    Hamar-laget er dermed det eneste laget som ikke har tapt etter at samtlige lag har spilt seks kamper denne sesongen. HamKam topper divisjonen ett poeng foran kveldens motstander Fredrikstad. (NTB)

    1. divisjon fotball 2020: Tromsø - HamKam (3-1). Kjetil Rekdal.
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
  • Straffast for homofobiske rop

    Det mexicanske fotballandslaget må spele sine to neste kampar i VM-kvalifiseringa utan tilskodarar, etter at landets supportarar kom med homofobiske rop tidlegare i år. Ropa skal ha skjedd under to OL-kvalifiseringskampar.

    Det skriv AP. Dermed må Mexico spele sine kampar mot Jamaica og Canada utan tilskodarar. I tillegg må Det mexicanske fotballforbundet betale ein bot på i overkant av 550.000 kroner i bot.

    Mexico fekk også ein straff for ein liknande hending under kvalifiseringa til VM i 2018, og i sjølve meisterskapet.

    siYRiP-ei5M
    Foto: ELIJAH NOUVELAGE / AFP
  • Frekk Flo scoring mot Aalesund

    Per-Egil Flo sitt første mål for Sogndal sidan returen frå sveitsiske Lausanne var av det frekke slaget.

    I 1.-divisjonskampen mot Aalesund fekk Sogndal eit frispark i kampens siste speleminutt. Det blei slått hardt og lågt rett på Flo, som med hælen flikka ballen i lengste hjørne. Med det fastsette han resultatet i kampen til 2–0, etter at Mansour Gueye scora kampens første.

    Dermed ligg Sogndal på 6.-plass etter seks serierundar, medan Aalesund, poenget bak, ligg på 13.-plass.

    5QHTQ3qcc5U
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal